Daniel fekk realisert draumen sin

MOT-ambassadør Daniel Grindeland møtte 500 elevar på Fjell ungdomsskule på drøymedagen 9. april.
- Etter vidaregåande har livet vore eit langt eventyr, sa han til dei lydhøyre elevane i Bildøyhallen. 

Daniel Grindeland framfor 500 elevar i Bildøyhallen. - Klikk for stort bileteDaniel Grindeland presenterte historia si på ein truverdig måte.

Fjell ungdomsskule var ein av om lag 30 skular som blei trekt ut til å få besøk av drøymeturnéen til MOT dette året.

Daniel Grindeland har ei sterk historie om utanforskap i ungdomstida. Elevane fekk presentert den ærlege og sterke historia frå å vera ein elev som ikkje klarte å konsentrera seg til å nå draumen sin om meistring på topp nivå. Han er open om diagnosen sin, ADHD. 

Han har ei spennande reise frå barndomen med utfordringar til å stå på verdas største scener der han formidlar historia si og viser publikum breakdans på internasjonalt nivå.

Men det var ein krevjande start for Daniel som elev. På ungdomsskulen fekk han undervisning i det som han skulle lært i 5. klasse. Men han fekk til slutt plass på vidaregåande skule.

- Eg kom inn på spesielt grunnlag på studiespesialisering med idrett. Eg var heilt med i gym, men litt mindre med i nynorsk diktanalyse. Men eg lærte at det er eg som må gjera jobben, sa Daniel.

Han gjekk på Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund. Metodikken var økter med 10 minutt med konsentrasjon fleire gonger i løpet av dagen. Elles handla det mykje om idrett og å bli god i breakdans. Etter kvart blei han noregsmeister og blei ein kjent skikkelse i breaking-miljøet både internasjonalt og nasjonalt.

Frå finalen i MOT-guiz - Klikk for stort bileteFrå finalen i MOT-guiz

Daniel fullførte vidaregåande skule med topp karakterar, og det var ein stort augneblink då han blei kåra til årets mest kompetente elev.

- Eg hadde blitt så flink som eg kunne bli. Etter vidaregåande skule har livet vore som eit langt eventyr, sa han til elevane.

Livet gjekk vidare. Etter kvart kjende han på at han mangla personleg utvikling. Så fekk han spørsmålet om han ville vera med i Norske Talenter på TV2.

- Eg hadde vore med to gonger før og rauk ut av konkurransen etter kvart. Eg var ikkje klar for å prøva for tredje gong, men eg sa ja til slutt og hamna på andreplass. Absolutt alle her i dette rommet vil hamna opp i situasjonar som er ubehagelege. Så blir du oppmoda om å ta stega. Det krev mot, men det fører til at du byggjer stein på stein, sa Daniel Grindeland som bad tynt om at MOT-rommet på Fjell ungdomsskule måtte få vera der i all æve.

Etter breakdans-oppvising og føredrag ved Daniel Grindeland var det utdeling av premiar i MOT-quiz og utdeling av drøymevinnarar frå drøymefondet til MOT. Fondet har 20-årsjubileum dette året.

I tillegg til danseshow og elevinnslag i Bildøyhallen var det felles lunsj og ulike aktivitetar for alle i etterkant.

Her er fleire bilete:

Frå drøymedagen i Bildøyhallen og Fjell ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Frå drøymedagen i Bildøyhallen og Fjell ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Frå drøymedagen i Bildøyhallen og Fjell ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Frå drøymedagen i Bildøyhallen og Fjell ungdomsskule - Klikk for stort bilete
Frå MOT-samlinga - Klikk for stort bilete
Frå MOT-samlinga - Klikk for stort bilete
Frå MOT-samlinga - Klikk for stort bilete
Frå MOT-samlinga - Klikk for stort bilete
Frå MOT-samlinga - Klikk for stort bilete
Frå MOT-samlinga - Klikk for stort bilete
Daniel Grindeland (frå kultur og idrettsgallen 21. mars) - Klikk for stort bilete
Daniel Grindeland (frå kultur og idrettsgallen 21. mars) - Klikk for stort bilete


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Martha Landro og Vigleik Brekke