Samla inn pengar til Sudan

I dag (28. mai) har Hjelteryggen skule gjennomført skuleløp der elevene har samla inn pengar til svoltramma menneske i Sudan. Sjølv om elevane vel sjølv om dei  vil gå, hoppa, løpa eller berre heia på kvarandre, har det vore stor aktivitet og kjempegod innsats blant alle. 

Frå aksjonsdagen - Klikk for stort bileteDet vart vist stor innsats på aksjonsløpet.

Det er elevrådet som organiserer og har tatt initiativ til skuleløpet. Hjelteryggen skule jobbar med karakterstyrkar, og ein karakterstyrke vi held oppe er engasjement. I samband med det har elevrådet ønskt å samla inn pengar til ei større sak. 

Frå aksjonsløpet - Klikk for stort bilete

Hjelteryggen skule er veldig stolte over innsatsen elevrådet og elevane har lagt ned i dag. Les gjerne meir om krisen i Sudan her. Bidra gjerne inn i vår Spleis som går til Plan Norge sitt nødhjelpsarbeid i Sudan! 

 

Helge L. Lunden
avdelingsleiar