Skular kan gjere vedtak om fritak frå nasjonale prøver for elevar som får spesialundervisning eller særskilt norskopplæring. Desse elevane skal ikkje automatisk få fritak. Det må i tillegg vere klårt at prøveresultata ikkje vil ha mykje å seie for elevane si vidare opplæring.
Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.
Skjema for svar på førehandsvarsel om fritak
Formelle krav
- Før fritaksvedtak blir gjort, informerer skolen føresette til elevar som blir fritekne, om retten til å krevje deltaking, jf. fvl § 11
- Skulen gir føresette høve til å uttale seg om saka før fritaksvedtak blir gjort, jf. fvl §§ 16 og 17
- Skulen gjer skriftege enkeltvedtak om fritak, jf. fvl § 23
Viser til § 2.4 i forskrift til opplæringslova
For elevar som får spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skulen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld for elevar som har einskildvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12.