Emil vant "Sartortalenter!"

Finalen i “Sartortalenter” gjekk av stabelen fredag 10. mai i Glassgården på Sartor Storsenter.

Emil Tveit Husby - Klikk for stort bileteEmil Tveit Husby Rolf Øvretveit

Emil Tveit Husby si framføring imponerte juryen, og vart med det krona med siger.

Emil er elev i Øygarden kulturskule, og er også deltakar på fordjupningsprogrammet i regi av Bergen kulturskole.

Kira Lokøy Jensen, også elev i kulturskulen, var ein av dei andre deltakarane i finalen.

 

Ifølgje arrangørane var det særs høgt nivå blant finalistane då Emil Tveit Husby gjekk til topps i Sartortalenter fredag.

Konkurransen vert arrangert av Radio Sotra, med Sparebankstiftinga SR-Bank og Sartor storsenter med på laget. 

Ein jury har plukka ut favorittar som har konkurrert i semifinalar.

 

Saka er henta frå Vestnytt. Du kan lesa meir om alle finalistane, og sjå bilete frå finalen:

Emil øver tre timar dagleg. Fredag gjekk han til topps blant mange talent - vestnytt.no