Faktura haust 2024

Faktura for haust 2024 kjem i oktober.

Elevar som går på:

Kortkurs utan betaling

Musikkterapi i skule/barnehage/institusjon

Eller har friplass:

Skal ikkje betala faktura.

De som hadde fleire enn 2 ordinære undervisningsøkter i vår,  eller hadde oppstart frå og med september, vil få fråtrekk for dette på denne fakturaen.

De som får fleire enn 2 avlysningar no i haust, vil få fråtrekk på fakturaen som kjem til våren (2025).

Elevar som nettopp har starta opp, har framleis mulighet til å bruka 2 “gratis” prøvetimar ihht info på opptaksmeldinga. Hugs å gi oss beskjed før 3. undervisningsøkt dersom de ikkje tar imot plassen.