Kandidatar til Drømmestipendet

Øygarden kommune har nominert 4 gode kandidatar til Drømmestipendet.

Alle 4 kandidatane har vakse opp i dagens Øygarden og fått sitt kunstnarlege fundament i kommunen.
3. februar 2025 får vi svar på om nokre eller alle av våre søkarar vert tildelt Drømmestipendet for 2025. 

Vi ønsker alle 4 lykke til.

Bjarte Sæle, kategori: musikk (foto: privat) - Klikk for stort bilete
Cecilie Birkeland Nilsen, kategori: musikk (foto: privat) - Klikk for stort bilete
Isabeth Ekeseth, kategori: dans (foto: Andreas Roksvåg) - Klikk for stort bilete
Mathias Turøy, kategori: musikk (foto: privat) - Klikk for stort bilete
Profilbilde og logo for Drømmestipendet - Klikk for stort bilete

Dette er Drømmestipendet

Frå www.drommestipendet.no

Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd. Stipendordninga vart etablert i 2004, og sidan den gong har ei lang rekke unge kunst- og kulturutøvarar motteke stipendet.

Stipendet skal gi verdifull inspirasjon og verdsetjing, og bidra til at unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år får oppfylt draumane sine. Ordninga skal også bidra til å synleggjera kommunane sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar. Vi deler ut 50 stipend à 30 000 kr, til saman 1.5 millionar kr.

Drømmestipendet vert delt ut innan kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse.