Kor på programmet på SFO ved Tjeldstø skule.

Frå mars og til juni har kulturskulen kortilbod på SFO ved Tjeldstø skule.

SFO-elevar i aktivitet i korundervisninga. - Klikk for stort bileteSFO-elevar i aktivitet i korundervisninga. Kine Hjartøy

Borna er delt inn i 2 grupper etter klasstrinn.

Dei har jobba med både korsongar, ulike songleikar, og dessutan lært solmisasjon, som går ut på å læra ulike tonetrinn etter handsignal.

Fleire av songane har dei lært gjennom samarbeid med duoen Hallaisiken.

Borna lærar også rytmar og bruker noter til å laga eigne melodiar.

Det er Marthe Melheim som er lærar på dette tilbodet.

Ho kan melda at borna er svært engasjerte, og at det har vore eit godt samarbeid med skulen.

 

Dei siste øvingane skal lærar og elevar gjera seg klar til konsert.