Rullepiano
Kjartan Fjordheim
Prioritert målgruppe er born i alderen 7.-8. til gruppe, men eldre born kan også søka om plass.
Kurset har oppstart måndag 10. februar og er ferdig måndag 26. mai.
Står du på venteliste på piano, eller har lyst å læra litt om piano? Har du lyst å vita litt om korleis du speler etter noter, eller kva besifring er?
Her får du sjansen til å læra litt om både tonar, rytme og samklang/akkordar.
Øygarden kulturskule inviterer born frå 7-8 år (2.-3.trinn) til gruppeundervisning på piano frå januar 2025.
Kurset startar opp kurset frå og med veke 7 (10.-14. februar), og går til og med veke 22 (26.-29. mai)
Undervisninga foregår i klasserom, der elevane brukar små keyboard/rullekeyboard, og der innhalde er enkel fingerteknikk, note- og rytmelære, og samspel.
Gruppestorleik
Maksimal storleik er 10 deltakarar pr gruppe. Oppstart føreset at det er nok søkjarar på faget.
Tid og stad
Liljevatnet (Arefjordvegen 290, Knarrevik), rom 230 - Allegretto
Mandagar kl 1700-1745 (Gruppe 1) og 1800-1845 (Gruppe 2)
Kurshaldarar
Kurshaldarar er Lasse Økland og Jakob Særvoll.
Pris
Tilbodet er gratis
For meir info og påmelding