Re-registrering til neste skuleår

No er tida komen for å velja om du vil fortsetta i kulturskulen til neste år.

Frist er 1. mai

Sjå bort frå denne artikkelen dersom:

Du går på eit kortkurs eller avsluttande fag

Du alt har sagt opp plassen til sommaren

Du er påmeldt tilbud i andre kulturskular med eiga påmelding (t.d. fordjupning)

For musikkterapi i skule/barnehage/institusjon. Vi tar kontakt med dykk for å avklara om barnet skal fortsetta og eventuelt bytta skule/barnehage.


Re-registreringa er no open, og det er tid for å stadfesta om du vil halda fram som elev i kulturskulen til hausten eller sei opp plassen sin.
Merk: Alle (med unntakt av tilfella nevnt over) må re-registrera. Dette gjeld anten du har elevplass eller står på venteliste.

Til den vaksne 

Dersom du loggar inn med fødedato til eleven, får du melding om at det må vere ein vaksen som skriv søknaden.

Hurtigguide utan illustrasjon

1.Bruk helst PC eller Mac for å gjennomføra re-registreringa.

Nettbrett eller smarttelefon kan av erfaring bli litt plundrete.

2.Gå til www.speedadmin.dk

3.Finn «Øygarden kulturskule» i menyen.

4.Logg inn som føresett

Dersom du veit passordet ditt, hopp til punkt 7.

Dersom du ikkje hugsar dette, skriv inn fødselsdato i feltet for brukarnamn (DDMMÅÅ) og velg «glemt passord»

5.I ny boks: Legg til epost, gå til epostlesar (sjekk spamfilter), finn meldinga til deg som føresett og velg «jeg vil lage nytt passord»

6.Lag nytt passord, gjenta dette og trykk «logg inn»

7. Oppe til venstre ser du kva barn som du har som er registrert.

8.velg barn du vil re-registrera

9. Gå til midten av sida, under «Elevverktøy» og klikk på «Re-registrering»

10. Velg «fortsett» eller «Slutta». Vel du «slutta» vert elevplassen av slutta til sommaren (ikkje umiddelbart)

11. Velg «Fullfør registrering»

12. Velg kommentar, dersom du har det og trykk ««Fullfør registrering»

13. Akseptér vilkåra, både GDPR og Elevreglement

14.Stadfest personopplysningar og kontaktinfo, og gjer eventuelle endringar. Alle kryss må væra «grøne» før du kan gå videre i registreringa

15. Sjå over samandraget og trykk «fullfør»

Fristen i år er 1. mai. 

For lenke med illustrasjonar, sjå her:

Re-registrering for føresette manual.pdf (PDF, 711 kB)