Vel blåst UKM!

Laurdag 15. februar deltok mange elevar frå Øygarden kulturskule på Ung Kultur Møtest (UKM) på Askøy.

Band frå kulturskulen opptrer under UKM - Klikk for stort bileteBand frå kulturskulen opptrer under UKM Hilde Kristin Egeland

Det årlege arrangementet gjekk av stabelen på Ungflimmer ungdomskultursenter på Florvåg på Askøy, og er ein felles møteplass for ungdom frå Askøy og Øygarden.

Elevane våre deltok i kategoriane musikk, teater, og kunst.

Nokre av innslaga vil bli plukka ut til å representera Øygarden i UKM si fylkesmønstring i april.