Batterijakten 2023 - 4. trinn er flotte miljøagentar!
Konkurransen går ut på å samle inn brukte batteri til attvinning, samstundes som elevane lærer om attvinning, ressursbruk og korleis vi kan ta betre vare på planeten vår. Engasjementet har vore stort, og elevane i 4A og 4B har samla inn hundrevis av kilo med brukte batteri. Elevane har vore kreative når dei har jobba med temaet, og resultatet av det er at dei blant anna har laga ein "batteri panterobot". Ein god og framtidsretta idè!
Sist endra 31.03.2023 17.17