Det har vore ein flott desember her på Landro skule. Mykje kreativitet, aktivitet, læring og glede. Tradisjonen tru starta desember med opning av julegata vår i skogen.
Dei siste vekene har det vore juleavslutningar i ulike formar på huset, storsamling, klassevis eller trinnvis. Ein fullsett gymsal av stolte føresette, fekk høyre flott korsang frå 1.-4. trinn. Det har også vore gjennomført to fine julegudstenester, og i går hadde vi besøk av Sotra Vest/Ulveset skulekorps i gymsalen.
I dag har elevane våre vore så heldige å få besøk av flotte FAU-nissar. Det vart sett stor pris på!
Vi vil med dette få ynskje alle elevane våre, med familie, ei riktig god julehøgtid!
Første skuledag på nyåret blir tysdag 02.01.24.


