Velkomen til skulestart torsdag 15. august

Vi ynskjer alle våre elevar og føresette ein riktig god sommar! Torsdag 15. august er første skuledag etter ferien.

  • 2.-7. trinn møter til vanleg tid klokka 08:15 
  • 1.trinn møter klokka 09:30. Vi ynskjer føresette og elevar velkomen ute på skuleplassen. Når elevane på 1. trinn er på plass i klasseromma, blir det eit orienteringsmøte for føresette i gymsalen.
  • Alle klassar sluttar klokka 12:30 første skuledag.
  • Skulefritidsordninga (SFO) er open som vanleg frå første skuledag (klokka 07:00-16:30).
  • Skulebussane går etter ordinær ruteplan.