Førjulstid i barnehagen: Tradisjonar er viktig

På Liljevatnet barnehage skjer det mykje kjekt i adventstida. 
- Vi lagar gåver til mamma og pappa og søster Helene, seier Jakob (5) som går i den eldste avdelinga, Marihøne. På tysdag var alle samla til nissefest i gymnastikksalen.

Juletregang høyrer med på nissefesten. - Klikk for stort bileteJuletregang høyrer med på nissefesten.

Den siste tida har barna drive med ei rekkje juleaktivitetar. Nissefest, Lucia-feiring og julegudsteneste høyrer med. Nokre av barna har også vore på Fløyen og pynta juletre. Alle avdelingane har adventssamling og adventskalender med trekning kvar dag. Alle barna får kvar sitt store peparkakehjarte.

- Vi har øvd å gå i luciatog. Mamma og pappa kjem den dagen, sa Jakob då vi var innom barnehagen nokre dagar før luciafeiringa. Til jul ønskjer han seg juicemaskin.

Elea (5) likar seg også godt i barnehagen.

- Det er kjekkast å vera inne og leika med dokker. Det er litt kaldt ute. Sigrid og dei andre vaksne her er snille, men av og til er dei litt strenge også, seier Elea som mellom anna har kamera på ønskelista til jul.

For tida er det 87 barn i Liljevatnet barnehage som har fem avdelingar fordelt etter alder. Etter at Liljevatnet skule vart lagt ned, har barnehage og kulturskule halde til i bygget sidan 2019.

Styrar Monica Beathe Vindenes - Klikk for stort bileteStyrar Monica Beathe Vindenes

Glad for gode lokale

Styrar Monica Beathe Vindenes er godt nøgd med lokala og samarbeidet med kulturskulen etter at bygget vart bygd om til barnehage.

- Her er store flotte lokale. Alle avdelingane har eige kjøken, og vi er kjempeheldige som har kulturskulen her. Vi har gymnastikksal som vert brukt flittig og god å ha når vi skal ha fellessamlingar og foreldremøte. Ute er det både asfalt og ulendt terreng. Barna likar seg best i naturen, seier styraren.

Frå luciafeiringa - Klikk for stort bileteFrå luciafeiringa

Aktivitetane i førjulstida er naturleg nok prega av adventstida med nissefest, adventssamlingar, luciafeiring og gudsteneste.

- På luciafeiringa kjem foreldra og er med på samlinga klokka 08.00. Vi har luciatog som endar opp i uteamfiet. Julesongar, lussekattar, peparkaker og saft høyrer med. Førjulstida er prega av tradisjonar, seier styraren.

På Nissefesten den 17. desember møtte alle opp i nisseklede i gymnastikksalen. Alle fekk kvar sin godtepose. 

Dette året har treåringane (sommarfuglavdelinga) vunne ein litt spesiell premie. Desse barna fekk vera med og pynta eit tre på Fløyen den 16. desember.

- Det var eitt av barna som meldte seg på ein konkurranse. Barna her har laga kongler, tørka appelsinar, små treplater av ei trestamme og fuglemat, forklarar Rebecca Halvorsen.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Liljevatnet barnehage og Vigleik Brekke