Biomega Norway vart Årets bedrift

- Gjennom forsking og teknologiutvikling bidreg bedrifta til berekraftig utnytting av marine ressursar. Det heiter det frå juryen i Vest Næringsråd og Nordea då dei kåra Biomega Norway som Årets bedrift 2024 på årsfesten i etterkant av Øygardskonferansen fredag.

Chris Simmenes (til venstre) tok imot prisen på vegner av Biomega Norway. I midten Margun Bjørnestad frå Nordea og til høgre styreleiar i Vest Næringsråd, Arild Bøthun. - Klikk for stort bileteChris Simmenes (til venstre) tok imot prisen på vegner av Biomega Norway. I midten Margun Bjørnestad frå Nordea og til høgre styreleiar i Vest Næringsråd, Arild Bøthun.

Årets fyrtårn gjekk til Ingvild Skorpen Bøge på Porsvika 125, medan Per O. Lie fekk heiderspris.

Det var Chris Simmenes som tok imot prisen Årets bedrift på vegner av bedrifta. Biomega Norway vart etablert rundt tusenårsskiftet. Bedrifta held til på Skaganeset og har 25 tilsette.

Juryen viser til at Biomega Norway er eit selskap som kontinuerleg investerer i innovasjon gjennom forsking og utviklingsarbeid, for å sikra best mogleg teknologi, svara på kundane sine behov og bidra til ein meir berekraftig industri. Bedrifta har dei siste åra hatt betydeleg resultatforbetring og levert gode økonomiske resultat. Sirkulær økonomi har heile vegen vore  grunnleggande for forretningsmodellen.

- I 2012 etablerte dei bioraffineri her i Øygarden. Dei mottar råvarer frå ulike kjelder og saman med naboverksemda har dei etablert eit skuleeksempel på industriell symbiose. Avfallet frå naboverksemda er råstoff for Årets bedrift og går i rør mellom produksjonslokala.

Vinnaren vart overrekt eit kunstverk laget av Marianne Skjelbred. 

Årets fyrtårn

Ingvild Skorpen Bøge på Porsvika 125 fekk prisen Årets fyrtårn for å vera eit fyrtårn gjennom sitt engasjement og synleggjering i arbeidet med å skapa ein unik destinasjon.

Frå venstre; Vinnar av prisen Årets fyrtårn Ingvild Skorpen Bøge, Kari-Anne Landro (dagleg leiar i Vest Næringsråd) og Øystein Bredhold i SpareBank 1 Sør Norge. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Vinnar av prisen Årets fyrtårn Ingvild Skorpen Bøge, Kari-Anne Landro (dagleg leiar i Vest Næringsråd) og Øystein Bredholt i SpareBank 1 Sør Norge.

Juryen skriv at attraktivitet handlar om å utvikle gode og velfungerande kommunar og regionar, der innbyggarar, næringsliv og besøkande ønskjer å vera. Det vert peika på at reiselivet kan spela ei sentral rolle for å auka attraktiviteten til staden. Reiselivet skapar møteplassar, også for lokalsamfunnet sine innbyggarar og næringsliv. 

- Årets fyrtårn har skapt ein slik møteplass! Med stort pågangsmot, knallhardt arbeid og ein god dose humor, også når motbakkane har vore bratte, har ho skapt ein møteplass, arbeidsplass og destinasjon, skriv juryen. 

Det vert også peika på at med sin uformelle og rause stil har Ingvild Skorpen Bøge fått mange følgjarar i sosiale medium, og stadig fleire tar turen for å nyta god og kortreist mat i nydeleg kystlandskap.

Vest Næringsråd oppretta prisen i 2018. Prisen vert kalla Årets fyrtårn, etter kommunevåpenet i Øygarden kommune. Formålet med prisen "Årets fyrtårn" er å heidra ein person, som anten gjennom bedrift eller organisasjon har hatt spesiell positiv betydning for regionen. Det kan vera engasjement i dagsaktuelle saker og bidrag til samfunnsutviklinga som blir lagt merke til.  

Bak prisen står Vest Næringsråd i samarbeid med SpareBank 1 Sør Norge. Vinnaren vart tildelt eit kunstverk laga av Marianne Skjelbred. Motivet på kunstverket er frå Marsteinen fyr.

Heiderspris til Peder O. Lie

Denne prisen vert nødvendigvis ikkje delt ut kvart år, men i år har juryen funne ein verdig vinnar i Peder O. Lie. Det er styret i Vest Næringsråd som gjer vedtak om tildeling av heidersprisen. 

Peder O. Lie fekk heiderspris. - Klikk for stort biletePeder O. Lie fekk heiderspris.

- I år ønskjer vi å heidra ein person som bokstavleg talt vart fødd inn i yrket og det som har vore hans daglege virke. Verksemda har vore i familien i fleire generasjonar og har blitt vidareført med djupe røter i tradisjonane. Han som skal heidrast har evna å ha ein fot i historia og tradisjonane, og den andre foten i nytenking og utvikling. På den måten har verksemda utvikla seg til eit moderne og lønsamt konsern, som driv i ulike bransjar og har fleire bein å stå på, skriv juryen. 

Juryen seier vidare at prisvinnaren er visjonær og at teknologiutvikling har stått sentralt. Miljøperspektivet med lågutslepp har verkeleg blitt tatt på alvor. «Første i verda av slitt slag», har vore realiteten ved fleire av anskaffingane som har vore gjort.

- Han ønskjer at heimbygda skal vera ein god møteplass, der fleire får oppleva dei gledene sjøen har å by på. Til og med ei snøkanon for at ungane skal få aka mest mogleg, har mottakaren av prisen fått brakt til bygda, seier juryen om Peder O. Lie som fekk overrekt ei karikaturteikning av seg sjølv. 

Her er fleire bilete:

Ingvild Skorgen Bøge - Klikk for stort bilete
Peder O. Lie - Klikk for stort bilete
Vivian Steinsland song ein medley med Johannes Kleppevik-songar til Peder O. Lie - Klikk for stort bilete
Hans Ivar Einarsen (til venstre) og ordførar Tom Georg Indrevik slo eit slag for "Krafttak mot kreft 2025". - Klikk for stort bilete



 Tekst og foto: Vigleik Brekke