Dette er den nye beredskapssjefen

Geir Knarvik Fjeldstad (45) er tilsett som beredskapssjef i Øygarden kommune. Han kjem frå stillinga som oppdragsleiar på operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Geir Knarvik Fjeldstad - Klikk for stort bileteGeir Knarvik Fjeldstad

Fjeldstad har politiutdanning i botnen. I tillegg har han to masterutdanningar; samfunnstryggleik og kriseleiing og leiing. Etter tre år i Forsvaret, har han hatt ulike stillingar i politiet, dei tre siste åra som oppdragsleiar. 

- Med den formelle kompetansen eg har i tillegg til realkompetanse i politiet, håpar eg å kunna utgjera ein forskjell. Eg håpar at eg som beredskapssjef vert kjent og opparbeider gode relasjonar til aktørane eg skal samarbeida med. Og så er eg jo genuint oppteken av Øygarden, seier den nye beredskapssjefen.

Beredskapssjefen skal leia og vera ein pådrivar for beredskapsarbeidet i Øygarden kommune. Han vert ein del av den strategiske leiargruppa til kommunedirektøren og inngår i leiarteamet til kommunalsjef for Organisasjon og beredskap.

Kommunalsjef for Organisasjon og beredskap, Anne-Merete Vabø Haugane, ser fram til at Geir Knarvik Fjelstad skal vera med og byggja vidare beredskapen i kommunen i samarbeid med næringslivet og innbyggjarane.

- Vi fekk mange kvalifiserte søkjarar til stillinga, og eg er svært glad for at vi har fått tilsett beredskapssjef. Eg er sikker på at Geir vil komplettera laget vårt, og eg ønskjer han velkomen til Øygarden kommune, seier kommunalsjefen.

Den nye beredskapssjefen tek til i stillinga 1. desember.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat