God dialog på nabomøte

Tysdag 26.november var varaordførar Anita Garlid-Johannessen og næringssjef Marianne Furheim på besøk hos Equinor Kollsnes.

Bjarte Padøy (plassjef) og Kjersti Nordøy (kommunikasjonsleiar) inviterte til eit nytt møte med nabokontaktar og kommunen, der ein deler informasjon, tek opp aktuelle sakar og tek opp eventuelle spørsmål. Møta vert gjennomført to gonger årleg, men om det oppstår saker undervegs, er det kort veg mellom partane.

Nabokontaktmøte - Klikk for stort bileteNabokontaktmøte hos Equinor Kollsnes 26.11.24

Kommunen opplever at Equinor Øygarden, med anlegga på Kollsnes og Sture, tek naboane på alvor og er opptatt av eit godt naboskap, noko representantane frå naboane bekrefta. Kommunen set pris på invitasjon til desse møta og den gode dialogen med Equinor. Etter møta inviterte Equinor på julemiddag, eit koseleg bordsete der ein av nabokontaktane, Audun Sæle, baud på solosong.

Marianne Furheim, næringssjef