- Havbruksnæringa skal veksa

Frå måndag til onsdag denne veka vil tusenvis av besøkande vandra rundt om på den store messa for fiskeri- og havbruksnæringa, HavExpo, i Sotra Arena og fotballhallen på Straume i Øygarden. Statssekretær Even Tronstad Sagebakken (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet lova at regjeringa skal satsa på havbruksnæringa.

John Arne Breivik i Stingray (til høgre) forklarar korleis ein kan nytta luselaser for å få bukt med lus på oppdrettsfisk. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, fylkesordførar Jon Askeland, pressekontakt/rådgjevar i HavExpo Vidar Onarheim, dagleg leiar i HavExpo Dan Christensen og statssekretær Even Tronstad Sagebakken. - Klikk for stort bileteJohn Arne Breivik i Stingray (til høgre) forklarar korleis ein kan nytta luselaser for å få bukt med lus på oppdrettsfisk. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, fylkesordførar Jon Askeland, pressekontakt/rådgjevar i HavExpo Vidar Onarheim, dagleg leiar i HavExpo Dan Christensen og statssekretær Even Tronstad Sagebakken.

Dagleg leiar i HavExpo, Dan Christensen, opplyser at det er 270 utstillarar på messa og at første dagen var det allereie selt 4 200 inngangsbillettar.

Tronstad Sagebakken sa at regjeringa no fremjar ei ny stortingsmelding om havbruk.

- Der skal vi leggja til rette for at denne næringa skal veksa. Næringa skal verta meir berekraftig, og det skal etablerast ei teknologinøytral ordning. Vi må tenkja meir heilskapleg og sirkulært, sa statssekretæren som gav uttrykk for at han var stolt og imponert over bransjen, sa statssekretæren.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro (til venstre) , og varaordførar Anita Garlid Johannessen var vertskap for standen til Øygarden kommune og Vest Næringsråd.  - Klikk for stort bileteDagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro (til venstre) , og varaordførar Anita Garlid Johannessen var vertskap for standen til Øygarden kommune og Vest Næringsråd.

Fylkesordførar Jon Askeland sa at konferanseprogrammet viser at her er det innovasjon, aktivitetar og vilje til å løysa utfordringane. Han understreka mellom anna at havbruket er sterkt knytt til Vestlandet og at Havforskingsinstituttet er blant dei aller fremste i verda.

- Her er mange gløgge folk. Gjennom samarbeid skal vi løysa vårt tids utfordringar, sa fylkesordføraren.

Han ville gjerne at Vestland vert prøvefylke for utvikling av miljøteknologi når det gjeld det såkalla trafikklyssystemet i havbruket. Han var også oppteken av arbeidet med sesongtilpassa MTB (maksimal tilpassa biomasse) der det kan leggjast til rette for meir fisk i merden om vinteren og mindre om våren. 

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at han er utruleg stolt av å få vera vertskap for denne konferansen. 

- Det er viktig at vi legg til rette for rammeverk som initierer innovasjon og utvikling. Vi må saman snakka opp næringa. Eg håpar HavExpo kan bidra til dette. Og skulle du ha noko usnakka med kommunen, har vi stand heilt innerst i den andre hallen (fotballhallen), avslutta ordføraren. 

I løpet av dei tre dagane er det meir enn hundre seminar/konferansar.

Her er fleire bilete:

Even Tronstad Sagebakken, Anita Garlid Johannessen, Tom Georg Indrevik og Jon Askeland - Klikk for stort bilete
Anita Garlid Joihannessen og Kari-Anne Landro - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Fylkesordførar Jon Askeland - Klikk for stort bilete
Statssekretær Even Tronstad Sagebakken - Klikk for stort bilete
Liegruppen var på plass med eigen stand. - Vi får mellom anna kontakt med ungdom som kan tenkja seg å jobba i fiskeri, seier administrerande direktør Bjarne Haldorsen. Liegruppen har mellom anna lærlingplassar inn fiske og fangst. - Klikk for stort bilete
Utstillarar - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik  Brekke