Imponert over samarbeidet med store aktørar

- De ha klart å byggja ut industri i krevjande terreng. Det seier borgarmeister i venskapsbyen, Krosno i Polen, Diotr Przytocki, etter eit tre dagar langt besøk i Øygarden kommune.

Delegasjonen frå Krosno og representantar frå Øygarden framfor rådhuset - Klikk for stort bileteDelegasjonen frå Krosno og representantar frå Øygarden framfor rådhuset.

Med bakgrunn i det noko flatare landskapet sør i Polen let han seg imponera over at Øygarden har knytt til seg store industriaktørar og store utbyggingar og fått til store utbyggingar i det han opplever eit krevjande terreng.

På fredag fekk delegasjonen på fire personar omvising på mottaksanlegget for karbonfangst i Energiparken på Ljøsøyna. Borgarmeisteren er i Øygarden for første gong.

- Det har vore svært interessant å verta kjend med Øygarden. De har oppnådd stor suksess med samarbeidet med dei store industriaktørane. Det er også viktig at staten støttar slike store prosjekt som er lokaliserte i kommunen, seier borgarmeisteren (ordføraren) som har vore politisk på toppen i Krosno i 22 år. 

Trefte gamle kjente

På eit treff på Øygarden rådhus på laurdag fekk han også møta personar frå Øygarden som han vart kjend med for fleire år sidan. Det var tydeleg eit hjarteleg gjensyn.

- På dette besøket har vi også fått med oss delar av Øygardskonferansen, omvising på Sartor Storsenter og besøk til Porsvika 125. På sundag skal vi få guida tur i Bergen med besøk på Troldhaugen. Bror min er dirigent i eit filharmonisk orkester, og slik musikk interesserer meg, seier Piotr Przytocki.

To borgarmeistrar; ordførar Tom Georg Indrevik (til venstre) og borgarmeister Piotr Przytocki. - Klikk for stort bileteTo borgarmeistrar; ordførar Tom Georg Indrevik (til venstre) og borgarmeister Piotr Przytocki.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at for ein stor kommune som Øygarden er det viktig å henta kunnskap og inspirasjon og dela korleis vi gjer det her.

- Det er difor både nyttig og hyggeleg at vi nå får høve til å visa fram det er vi er stolte av i kommunen vår. Fleire sentrale politikarar frå Fjell og nye Øygarden har vore på besøk i Krosno ved fleire høve, og det er svært hyggeleg at nå vi får ein delegasjon på besøk som også inkluderer ordføraren i byen, seier Indrevik.

Krosno ligg heilt sør i Polen og har om lag 45 tusen innbyggjarar. I Krosno-området er det rundt 109 tusen innbyggjarar. Byen er kjend for krystallproduksjon, men økonomien er elles prega av mykje industri, mellom anna petroleumsindustri. Det er bygd opp ein industripark i området ved flyplassen i Krosno, og det er planar om nytt industriområde utanfor byen.

På møtet på rådhuset laurdag orienterte næringssjef i Øygarden, Marianne Furheim, om næringsutviklingsarbeidet i Øygarden. Etterpå var det omvising på Sartor Storsenter leia av Ernst Einarsen.

Her er fleire bilete frå besøket:

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Anita Garlid Johannessen, Piotr Przytocki, tolk Maria Luiza Peitraszek, Miranda Trojanowsko, Piotr Grudysz og Zdlistaw Syzdek - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Nils Kåre Skoge, Ernst Einarsen, Karin Bjærum, Nils Bjarte Sæle, Marianne Sandahl Bjorøy, Elizabeth Toft Erichsen, Børge Haugtun og Marianne Furheim.  - Klikk for stort bilete
Frå omvising på Sartor Storsenter (nærvarmeanlegget) - Klikk for stort bilete
Frå Øygardskonferansen. Frå venstre piotr Przytocki, næringsminister Cecilie Myrseth og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Rådgjevar Elin Helland-Jooste og varaordførar Anita Garlid Johannessen - Klikk for stort bilete


    
Tekst og bilete: Vigleik Brekke