Ingvild Vikingsen Skogestad vann Gullepleprisen 2024

I går vart det gjort stor stas på avdelingsleiar på Knappskog skule, Ingvild Vikingsen Skogestad. På Norsk konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring (NKUL) vart vinnaren av Gullepleprisen 2024 ropt opp på scena til stor jubel i salen.
- Eg er audmjuk og takksam for prisen, seier prisvinnaren.
 

Prisvinnar Ingvild Vikingsen Skogestad framfor NTNU i Trondheim. - Klikk for stort biletePrisvinnar Ingvild Vikingsen Skogestad framfor NTNU i Trondheim.

Gullepleprisen vert kvart å delt ut på NKUL til ein pedagog eller gruppe pedagogar som har nytta IKT i læring på ein spesielt god måte. 

Juryen uttalar at Vikingsen Skogestad gjennom mange år har utmerkt seg som ein engasjerande formidlar av god bruk av IKT , og har villig delt erfaringar om digital undervisning, digitalt utviklingsarbeid og bruk av digitale verktøy til mål i læreplanen.

- Kandidaten har med stort engasjement formidla eigne og erfaringar i skulen på mange ulike konferansar, i podkastar, i presse og fagblad, og har tatt imot besøk frå andre skular frå både inn- og utland, skriv juryen.

Ingvild Vikingsen Skogestad set stor pris på at arbeidet ho har lagt ned vert lagt merke til og sett pris på. 

- Eg er også veldig takksam for at eg har fått lov til å driva med det eg gjer. Eg er også takksam for at eg har og har hatt leiarar som lar meg driva på og at eg jobbar i eit kollegium som er med på det eg finn på, og som backar meg opp. Utan dei, ingen gulleple. Noko av det unike med Digg læring er at det er heile skulen sit «prosjekt», og ikkje berre ei eller to eldsjeler som driv på, seier prisvinnaren.

Les meir her og heile grunngjevinga for prisen.

Delegasjonen frå Knappskog skule: Øyvind Oppheim Rise (lærar), Ingvild Vikingsen Skogestad (avdelingsleiar) og Solfrid Kleiven (rektor). - Klikk for stort bileteDelegasjonen frå Knappskog skule: Øyvind Oppheim Rise (lærar), Ingvild Vikingsen Skogestad (avdelingsleiar) og Solfrid Kleiven (rektor).

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Solfrid Kleiven