Dei to redaktørane starta med å presisera at når stormakter kan skapa frykt og uro med falske nyheiter gjennom media, treng ein kjeldekritiske og redaktørstyrte medium som tek sine oppgåver på alvor.
Gard Steiro og Trine Eilertsen, konferansierar gjennom dagen
Marianne Furheim
TikTok og generasjon z
Korleis nå dei unge som helst vel TikTok som "nyhetskanal", og korleis bør dei tradisjonelle mediehusa gjera endringar som gjer at dei kan nå ut med redaktørstyrte nyheiter til ungdomen? Gode diskusjonar og innspel rundt tema som me gjerne ikkje tenker over kvar dag.
Jahkini Bisselink, frå selskapet Whetston har forska på generasjon z. Jahkini meiner at næringslivet vil verta utfordra på å vera meir fleksibel, ope og transperant i framtida.
- Mange av dei unge ønskjer ikkje berre å jobba i ein bedrift, men å ha sidejobbar som gjer at dei får breiare erfaring og fleire moglegheiter. Ein anna viktig ting for ungdomen er at dei forventar aksjons- og verdibasert leiarskap der dei skal jobba, sa ho.
Jahkini Bisselink med eit engasjerande innlegg om generasjon z.
Marianne Furheim
Valsigeren til Trump har vore på leppene til mange dei siste vekene. Mick Mulvaney, tidlegare stabssjef for Donald Trump, forklara litt om korleis Trump jobbar og kva ein kan forventa av han framover.
- At Trump representerer ei endring i styringa av USA, er grunn til at han gjekk av med sigeren, men det er klart det vil vera avgjersler som kan provosera - utan tvil, sa Mulvaney. Han er sjølv spent på korleis til dømes Elon Musk vil handtera det mandatet han ev. får tildelt av den nye presidenten.
Mick Volaney i samtale med Trine Eilertsen og Gard Steiro
Marianne Furheim
"Trust, but verify" var bodskapen frå Victoria Baines, professor ved Gresham College i London, og dette er noko som blir viktigare og viktigare i tida framover. Vi må tru på vår eigen kritiske sans og ikkje ta alt ein ser på internett for "god fisk". KI utfordrar også dette, når ein kan få tekstar og bilete på kort tid.
Meir motstandskraft i alle ledd gjer oss sterkare
For næringslivet er det viktig med ryddige system og å ha ein strukturert tilnærming til sikkerheit i eigen bedrift. Skjer det noko, er det viktig å seia ifrå, då andre kan dra nytte av erfaringa - både PST og politiet ønskjer beskjed når nokon opplever til dømes datainnbrot.
Då forsvarssjef Eirik Kristoffersen blei spurt om kva ville han vore opptatt av dersom han var bedriftsleiar på Vestlandet, svara han raskt at han ville vore opptatt av å tena mest mogleg pengar, til latter frå salen. Me forstod alle likevel bodskapet frå både forsvarssjefen, PST -sjef Beate Gangås, politisjef Benedicte Bjørndal og justis- og beredskapsminister Emilie Enger-Mehl at kvar og ein må tenkja på sikkerheit, styrking av eige forsvar og at meir motstandskraft i alle ledd gjer oss sterkare.
Jonas Gahr Støre og Erna Solberg var einige
Konferansedagen vart avslutta med paneldebatt mellom statsminister Jonas Gahr Støre og Høgre-leiar Erna Solberg - dei kan vera ueinige i mykje, men er samde om at det er viktigare enn nokon gong med ryddig informasjon frå politikarane, at bruk av deepfake ikkje gagnar politikken eller val, og at det er politikken som må levera!
Jonas Gahr Støre og Erna Solberg i panelsamtale med Trine Eilertsen og Gard Steiro.
Marianne Furheim
Frå Øygarden kommune deltok ordførar Tom Georg Indrevik og næringssjef Marianne Furheim på konferansen.