Seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, Tor Martin MisundFylket har peika på CCB-basen på Ågotnes som ein av 9 energiomstillingshubar i Vestlandsporteføljen. Dette handlar om at det er fleire aktørar som held til i Ågotnes-området, og som har potensiale for å utnytta kvarande sine reststoff. Gjennom samarbeid og symbiose kan bedriftane utvikla nye forretningsområde, gjenbruka kvarande sine restavfall og samarbeida rundt både teknologiutvikling og kompetanse.
På møtet presenterte fylket korleis dei arbeidar for å støtta næringsutviklinga og grøn om stilling på Vestlandet, og understreka potensiale i Ågotnes. «Ved å samarbeida kan vi finna nye løysingar og få fart på det grøne skiftet», sa Tor Martin Misund, seniorrådgivar i Vestland fylkeskommune.
Ordføraren innleia møte med å understreka all merksemda kommunen får som følgje av næringsetableringar innanfor grøn omstilling. Han understreka at kommunen skal leggja til rette for omstilling med dei verkemidlane ein har, men at det er viktig at bedriftane sjølve ser verdien av å samarbeida.
-Vi kan ikkje vedta grøn omstilling, sa ordføraren.
Undervegs i møte vart det også arbeidd i grupper for å starta drøftingar rundt kva potensiale er for samarbeid og synergi. Det handla både om samarbeid rundt kompetanse og lærlingar, i tillegg til å vurdera kva for moglegheiter det er for å samarbeida rundt verdikjedene.
Fleire bilete
Tekst: Elin Helland-Jooste, Øygarden kommune
Foto: Hanne Misje Lokøy, CCB