Medverknad gjer det lettare for næringslivet

- Næringslivet må oppleva kommunale planar som føreseielege. Med tidleg medverknad kan vi oppnå dette. Det sa dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro, på medverknadsdagen med næringslivet i kultursalen i Øygarden rådhus på onsdag.

Samlinga var ein del av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. Også leiar i kommuneplanutvalet Svein Otto Jacobsen understreka kor viktig det er at næringslivet nyttar sjansen til å medverka i dette planarbeidet.

Næringssjef Marianne Furheim takka kvar og ein av dei frammøtte for at dei tok seg tid til dette viktige arbeidet, trass i travle dagar. Oppmøtet med over 70 deltakarar talar for seg sjølv – dette engasjerer.

Planavdelinga, representert ved Lisbeth Selstø og Sven Selås Kallevik, guida deltakarane stødig gjennom kunnskapsgrunnlaget som er samla inn gjennom rapportar og medverknadsmøter i delsenter og senterområde i kommunen. Dette er viktig kunnskap som er systematisert gjennom kartforteljingar som synleggjer dei verdiane vi skal ta vare på, kva for konfliktar som eksisterer i dag og kvar utvikling kan skje utan konfliktar.

Dei peika også på areal som er tilgjengelege, men ikkje utnytta. Er dette fordi dei ligg på "feil plass", og er det andre område som bør vurderast i staden? Dette er spørsmål som må reflekterast over.

Formålet med denne dagen var å setja næringslivet i gong med refleksjonar og forståing for korleis administrasjonen arbeider, samt belysa verdiar og innspel frå innbyggjarane, slik at ein ny KPA blir så formålstenleg for næringslivet og utviklinga som mogleg. Med tidleg involvering kan ein basera avgjerder på fakta og ikkje synsing.

I del to av dagen vart dei ulike næringane sett saman i grupper der dei reflekterte over oppgåver som: Korleis kan vi finna den gode balansen mellom å ta vare på naturen og utvikla bustader og næringsliv, leggja grunnlaget for at innbyggjarane har god livskvalitet, og sikra at Øygarden blir ein god stad å bu også i framtida?

Gruppearbeid for næringen industri.

Vidare fekk dei ulike bransjane spørsmål knytt til arealstrategiar innan deira næring, som til dømes: Er forslaga til strategiar som skal følgjast opp i arealdelen konkrete nok til å ivareta dei næringsinteressene du/de representerer? Er det forslag til strategiar som er særleg viktige for dine næringsinteresser?

Samtalane under gruppeoppgåvene vitna om engasjerte og involverte deltakarar, og "summinga" i pausen bar preg av at dei frammøtte set pris på slike møteplassar, både for å få informasjon frå kommunen og for å møta kvarandre. "God og tydeleg formidling av informasjonen" , "Eit godt grunnlag for vidare arbeid" og "Her har administrasjonen jobba svært godt" var kommentarar frå deltakarane undervegs og i etterkant.

KPA - god dialog på gruppearbeid. - Klikk for stort bileteGod dialog på gruppearbeid, her frå gruppa marin og maritim næring.

Kommunalsjef for Samfunnsutvikling, Silje Haukedal oppsummerte dagen og fortalde om det vidare arbeidet som administrasjonen no vil jobba vidare med, blant anna med kommentarar frå gruppearbeidet i møtet, som vil danna eit endå betre kunnskapsgrunnlag i arbeidet med ny KPA. Sjølve arealinnspela frå dei enkelte aktørane vil det først bli opna for i 2026. Så her er mykje godt arbeid i vente for alle partar framover.