- Øygarden har ei viktig rolle i klimakampen

Næringsminister Cecilie Myrseth var tydeleg på at Øygarden har ei sentral rolle i klimakampen og det grøne skiftet. Det var ho som starta det heile då 360 deltakarar var samla på Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort fredag. Øygarden kommune markerte seg også sterkt på det viktigaste møtepunktet for næringslivet i vest.

Næringsminister Cecilie Myrseth i samtale med ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteNæringsminister Cecilie Myrseth i samtale med ordførar Tom Georg Indrevik

Næringsministeren sa at Noreg har ein liten og open økonomi tett knytt opp mot resten av verda. 
- Klimaendringa krev store endringar. Vi har krig på eige kontinent. Dette pregar oss her heime, og vi må tilpassa oss ei verd i stor endring, sa næringsministeren.

Ho hadde tre hovudtema for talen sin. Det handla om det grøne skiftet som etaleringa av karbonfangstanlegget til Northern Lights er døme på, sjømatnæringa og reiselivet.

- Northern Lights og Langskip er mellom dei mest spennande satsingane i det grøne skiftet. Dette er eit resultat av eit imponerande samarbeid mellom Equinor, Shell og Total. Næringsliv og berekraft går hand i hand, sa ho.

Næringsminister Cecilie Myrseth - Klikk for stort bileteNæringsminister Cecilie Myrseth

Som nordlending med lang tradisjon knytt til tørrfiskproduksjon, har næringsministeren eit varmt hjarta for sjømatnæringa.

- Det har aldri vore eksportert sjømat til høgare verdi enn no i oktober. Det er eg stolt av. Eg meiner Noreg og regionen her har også eit stort potensiale innan reiseliv. Det er viktig at turistane nyttar fleire aktivitetar, blir lengre her og legg igjen meir pengar, sa næringsminister Cecilie Myrseth.

Viktig møtepunkt

Bjørn Tore Wilhelmsen var ein av dei som hadde funne vegen til Øygardskonferansen denne fredagen. Han har vore med på alle konferansane med fleire tilsette.

- I år stiller vi med tre medarbeidarar. Det er eit utruleg flott program med ulikt innhald i korte bolkar. Her er mange avgjerdstakarar, og det er viktig for oss, seier han.

Klimakutt hastar, men det er håp

Ein av  dei som verkeleg har dybdekunnskap i klimautfordringane, er professor og administrerande direktør i Nansensenteret, Tore Furevik. Han teikna eit nokså dystert bilete av klimasituasjonen, men han ser også fleire lyspunkt.

- Vi opplever nå meir utslepp enn på meir enn tre millionar år. I tillegg kjem andre drivhusgassar. Ser vi tilbake to tusen år, kan vi slå fast at dei 10 siste åra er dei varmaste, og 2023 er det varmaste registrerte så langt. 2024 vert endå varmare.

Professor Tore Furevik - Klikk for stort bileteProfessor Tore Furevik

Dette får store konsekvensar og fører til hetebølger, orkanar, tørke og dyrearter og insekt som forsvinn. 

- 70 tusen personar døydde som ein konsekvens av ekstremvarmen i Europa sommaren 2022, sa Furevik.

Furevik viste til Parisavtalen 2015 og at Noreg har forplikta seg til eit kutt i klimautsleppet på 50-55 prosent innan 2030. Han meiner det skjer mykje i arbeidet med det grøne skiftet.

- Det er ein ekstrem kraftig utvikling innan bruk av sol og vind som fornybar energi. Kina leiar an i det grøne skiftet, og takten i Kina gjer meg optimistisk, sa Furevik.

Fem år med ny kommune

Ordførar Tom Georg og kommunedirektør Johnny Breivik vart intervjua om kva dei tenkjer no etter fem år med samanslått kommune. 

- Utfordringa er å omstilla oss til morgondagens behov. Vi ønskjer å gjera oss attraktive, og dette gjer vi gjennom det nyetablerte Framtidssamfunnet, sa kommunedirektøren.

Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at kulturforskjellane har vore den største utfordringa dei første fem åra med ny kommune. 

På denne sekvensen lanserte kommunedirektør Johnny Breivik den nye appen til Øygarden kommune. Denne appen viser mellom anna sanntidsbiletet i trafikken til og frå Øygarden og på fleire lokale strekningar i Øygarden i tillegg til annan relevant informasjon om aktivitetar i kommunen og dei ulike tenestene. Det vart også presentert videoar der fire elevar presenterte kva tankar dei hadde om kommunen for fem år sidan og no i 2024.

Næringslivet treng meir arbeidskraft

Partileiar i Høgre, Erna Solberg, vart intervjua av programleiarane og sa at Øygarden er ein av dei store når det gjeld innovasjon. Ho snakka både om økonomi generelt og om kommuneøkonomi. Noreg har førebudd seg på regimeskiftet i USA.

Partileiar i Høgre, Erna Solberg - Klikk for stort biletePartileiar i Høgre, Erna Solberg

- Vi kan ikkje møta uro ute med uro heime, og vi kan ikkje berre lessa på med pengar til offentleg sektor, medan det private næringslivet treng meir arbeidskraft. Vi kan ikkje møta uro ute med uro heime. Vi må skapa før vi fordeler og brukar og jobba smartare, sa Erna Solberg.

Nøgd arrangør

Dagleg leiar i Vest Næringsråd seier at Øygardskonferansen har utvikla seg og blitt ein viktig møteplass. 

- Eg trur det er det er grunnen til at vi har rekordpåmelding dette året. I arbeidet med programmet har vi lagt vekt på den rolla Øygarden har i verda, seier ho.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at både det faglege og sosiale er viktig på ein konferanse som dette.

- Dette er ein av dei viktigaste konferansane utanfor Bergen. Det vert skapt kontakt i pausane også viktige.

Vi er stolte når innleiarane skryt av kommunen. Det legg lista høgt for korleis vi skal jobba med dette vidare for å verta ein attraktiv kommune for bymann og stril.

Her kan du lytta til podkasten Rådhuset som har laga eigen episode frå Øygardskonferansen.

Her er fleire bilete frå konferansen:

Næringsministeren og ordføraren saman med representant frå Krosno. - Klikk for stort bilete
Cristian Carter (Innovasjon Norge) snakka om handelssamarbeid med India - Klikk for stort bilete
Bjarte Padøy, hadde "Dette er framtida for Equinor i Øygarden", som tema. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Erna Solberg - Klikk for stort bilete
Helene Frihammer, NHO Vestland - Klikk for stort bilete
Futurist Lars Rinnan - Klikk for stort bilete
Connect Dem ved dagleg leiar Alexandra Vik og styreleiar Gunnar Onarheim Sulen fekk 200 tusen kroner i støtte frå Stormfondet (Sparebanken Vest). - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Konferansierane; Halvor Folgerø og Finn Tokvam - Klikk for stort bilete
Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bilete
Professor Tore Furevik - Klikk for stort bilete