Jonny Hesthammer i Norsk Kjernekraft jobbar for å få bygd det første modulære kjernekraftverket i Noreg og hadde i den anledning invitert gjestar frå Sør- Korea, DL Energy, som eig og bygg kjernekraftverk og KIND som er eit Sørkoreansk statseigd selskap som jobbar med infrastrukturprosjekt i utlandet. Frå USA kom X-Energy som er eit energiselskap som er spesialisert innan kjernefysisk teknologi. Selskapet Amazon har nyleg investert 500 millionar USD i selskapet X-Energy for blant anna utviklinga av 4. generasjon reaktorar og brensel.
I forkant av lunsjen, var gruppa frå Norsk Kjernekraft på busstur i Øygarden kommune for å sjå på moglege lokasjonar.
Delegasjon på busstur
Svein Otto Jacobsen
Under lunsjen, der utvalsleiar for plan og miljøutvalet, Børge Haugetun, kommunalsjef for Samfunnsutvikling Silje Aileen H. Haukedal og næringssjef Marianne Furheim også deltok saman med Svein Otto Jakobsen, fekk både politikarar og administrasjon høyra meir om kjernekraft og korleis erfaringane frå andre land har vore. Behovet for informasjon, fakta og erfaringar var gjennomgåande frå administrasjonen si side.
Lunsj Rådhuset
Jonny Hestammer
Regjeringa har bestilt utgreiing om kjernekraft
Det er ikkje avgjort om det kjem kjernekraftverk i Øygarden. Regjeringa har oppnemnd eit utval som skal utgreia kjernekraft som mogleg kraftkjelde i Noreg. Dette utvalet vert leia av Cicero-direktør Kristin Halvorsen, og rapporten skal leverast innan 1.april 2026.