Stolte aktørar gler seg over at no er mottaksanlegget til Northern Lights offisielt opna. I midten, energiminister Terje Aasland. Elevane Ole Vincent, Karoline, Nasseem, Oda og Oliver var med og trykte på den raude knappen.Flytande CO2 vert frakta til anlegget i Øygarden med skip for så å verta ført i røyr 110 kilometer ut i Nordsjøen og så lagra 2,6 kilometer under havbotnen. CO2 skal mellom anna fraktast frå sementfabrikken til Norcem i Brevik. Kapasiteten er 1,5 millionar tonn CO2 pr. år, men kapasiteten skal etter planen aukast til fem millionar tonn.
- De har all grunn til å vera stolte i dag. Det starta med Sleipnerfeltet som har vore brukt til CO2-fangst og lagring. Eg er glad for at vi har fått til ei tverrpolitisk semje om dette prosjektet. Dette er verdas viktigaste industrianlegg, sa statsråden.
MottaksanleggetOrdførar Tom Georg Indrevik var på scena saman med statsråden og vart intervjua av konferansier Anders Ekanger.
- I dag er eg dritstolt, som vi seier på landet. Det er stort det aktørane Equinor, Shell og Total har fått til. Olje- og gassnæringa er viktig for oss, og her ute kjenner alle nokon eller er i familie med nokon som arbeider i bransjen, sa ordføraren som også takka Ottar Vik for hans engasjement for å få denne type investeringar i kommunen.
Dette var ein folkefest, og i det store teltet var det samla fem-seks hundre personar som fekk med seg den offisielle opninga, servering og kulturelle innslag ved KOR i Øygarden, kulturskulekoret, Rong Brass og artisten Daniel Kvammen.
Energiminister Terje Aasland og ordførar Tom Georg Indrevik- Dette er starten
Prosjektdirektør Sverre Overå har følgd dette industrieventyret i mange år og var tydeleg stolt over at no er mottaksanlegget klar til bruk. I den første tida skal det gjennomførast testar før anlegget verkeleg kjem i vanleg drift sommaren 2025.
- Dette er ein fantastisk dag. Dette er ikkje slutten, men starten. Eg vil takka kommunen for å ha teke imot oss på ein fantastisk måte. Vi har berre positive opplevingar med å byggja anlegget her ute, sa Overå.
Birthe Sundt (CFO – finansdirektør) opplyste at besøkstalet på anlegget i Øygarden no har passert 10 tusen.
- Når anlegget er i drift vil de sjå dei lilla Northern Lights-skipa på 135 meter, sa hao.
Direktør på Equinor Kollsnes og Sture og no også mottaksanlegget på Ljøsøyna, Bjarte Padøy, sa at Equinor får ansvaret for drift og vedlikehald på same måte som for anlegga på Kollsnes og Stura.
- Det er bygt opp ein fantastisk kompetanse på dei eksisterande anlegga som vi kan byggja vidare på. Vi skal no gjennomføra uttesting i oktober, og til sommaren er det klart for drift, sa Padøy.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke