Vurderer å kjøpa tilbake areal på Ågotnes

Formannskapet sluttar seg til vurderingane frå kommunedirektøren når det gjeld framtid godshamn for bergensområdet. På møtet på tysdag vart det vedteke å be ordføraren gå i dialog med andre eigarkommunar for å reia grunnen for ei betre og meir heilskapleg hamneløysing for heile regionen. 

Frå formannskapet 24. september. På talarstolen; ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteFrå formannskapet 24. september. På talarstolen; ordførar Tom Georg Indrevik

I vedtaket heiter det vidare at kommunedirektøren vert beden om å greia ut moglegheitene for at andre aktørar kan overta arealet på Ågotnes, og undersøka korleis næringslivet responderer på ein slik moglegheit.

I saka skriv kommunedirektøren at  planane for godshamn på Ågotnes endra seg vesentleg. Generalforsamlinga i Bergen Havn har vedteke ein utflyttings- og finansieringsplan som inneber å splitta godshamna på fleire lokasjonar. Kommunedirektøren er uroa for at ei nedskalert og splitta  hamn vil truga konkurransekrafta i det maritime og marine næringslivet framover – ei  næring av stor betydning for både Øygarden og bergensregionen i framtida. 

Han skriv at slik situasjonen er no er det lite som tyder på at det skal utviklast ei framtidsretta og  konkurransedyktig godshamn i regionen. Aktiviteten på Ågotnes er også vesentleg  nedskalert. I saka tilrår difor kommunedirektøren å vurdera om Øygarden er tent med å vera  vertskommune for ei godshamn med vesentleg redusert aktivitet samanlikna med det som  først var tiltenkt, og som heller ikkje finn synergiar og samarbeid med andre aktørar i  næringsparken. 

Status ved krisesenter for Bergen og omegn og bemanningsbehov

Formannskapet tilrår å ta saka om auka bemanningsbehov til krisesenteret i Bergen og omegn til orientering. Handtering av økonomiske konsekvensar er innarbeidd i kvartalsrapport 2/2024.

Øygarden har avtale om krisesentertilbod gjennom deltaking i vertskommunesamarbeid for Krisesenter for Bergen og omegn. Krisesenteret har opplevd ein vedvarande auke i belegget og behovet for auka bemanning er kritisk. Dette gjeld også for krisesenter nasjonalt. Krisesenter for Bergen og omegn har verksemd fordelt på seks lokasjonar, der to av lokasjonane har døgnbemanning. 

Krisesenteret har gjennomført ei ROS- analyse i januar 2024. Analysen avdekte at krisesentertilbodet nærmar seg uforsvarleg drift og at tilsette er utsette for stor belastning. Det er behov for å styrkja bemanninga med 7,6 årsverk, som utgjer i om lag 6.8 millionar i heilårsverknad. Konsekvensane for Øygarden kommune er ei auka kostnad på 299 400 kroner for 2024, med ein heilårsverknad på 580 400 kroner i 2025.

Vil løyva ekstra til Fjell kyrkje

Det vart tilrådd å løyva 850 tusen kroner som restfinansiering av rehabilitering av Fjell kyrkje. Løyvinga vert finansiert ved bruk av ubundne investeringsfond. Løyvingane til kyrkjelege investeringar i 2025 vert tilsvarande redusert.
Ekstraløyvinga er nødvendig for å kunna nytta seg av tilskot på 5,85 millionar kroner frå kyrkjebevaringsfondet.

 Tidlegare er det løyvd 44 millionar kroner til rehabiliteringsprosjektet.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Gjev ikkje tilskot til Marstein fyr

Formannskapet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å avslå søknaden om å støtta Marstein fyr med eit eingongsbeløp på 300 tusen kroner. I vedtaket heiter det at Øygarden er positive til stiftinga sitt arbeid om å sikra Marstein fyr som eit viktig minnesmerke og attraktiv reisemål. 

Kvartalsrapport

Saka vart vedteken utsett til ekstramøte i formannskapet måndag 30. september klokka 16.00.

Møteplan

Det vart tilrådd å vedta møteplan 2025 slik han ligg føre. Møteplanen vert endeleg vedteke i kommunestyret.


Tekst og foto: Vigleik Brekke