1936. Året da alt skjedde

Bokomtale av Sverre Bungum

1936 Året da alt skjedde

I dag opplever vi at demokratiet og den ideologien, dei verdiar og det menneskesyn demokratiet byggjer på, er under aukande press verda over. Mange finn parallellar til 1930- åra. Om du har det som eg, så treng du å bli minna om kva kampen stod om i desse åra som stundom vert omtala som dei harde 30- åra, andre gonger som mellomkrigstida. I så fall er  Sven Egil Omdal si siste bok kva vi treng, vi som har godt av ei påminning.

Vesle Norge kom til å bli trekt inn i kampen om makta i det nye Europa. Omdal omtalar spesielt to personar, ein russisk jøde og ein tysk journalist, som skulle komme til å bli omstridde gjennom harde debattar og konfliktar og dessutan ta nattesøvnen frå politiske leiarar Europa over.    

1.verdskrig var ufatteleg brutal. Då freden omsider kom, låg det krigstrøytte Europa open for rask tysk opprusting. Carl von Ossietzky, ein tysk journalist, kunne avsløre at Hitler sitt naziregime rusta opp langt utover det fredsavtala hadde fastsett. Han vart arrestert og dømd som forrædar, mishandla og torturert. Han vart det viktigaste symbolet i kampen for å stanse framvoksteren av eit fascistisk Europa.

Norge og Nobelpriskomiteen handla modig då dei gav Fredsprisen for 1935 til Ossietzky.

Modig var det også då arbeidarpartiregjeringa Nygaardsvold gav Lev Trotskij politisk asyl i 1936. Den russiske jøden var eit stort namn under den russiske revolusjonen. Han rangerte som nr.2 i hierarkiet bak Lenin. Så fall han i unåde. Han vart send til Sibir, rømde derifrå og vart til slutt ein person som ingen nasjon våga å ta imot. Men så fikk han komme til Norge. Det var ei modig handling av regjeringa. Etter berre eitt år vart han utvist. Det var eit feigt knefall. Han enda i Mexico der han vart slegen i hel av ein russiske agent.

Desse to sakene har fått stor plass i Omdal si bok. Den spanske borgarkrigen og Italia sitt skamlause åtak på Etiopia har også fått brei omtale. Like fullt, heilnorske bragder finn du rikeleg av. Toppen er Bronselaget. Under olympiaden i Berlin måtte Hitler sjå på at Tyskland tapte fotballkampen mot Norge. Han marsjerte rasande ut av stadion før kampen var over.

Men nordmennene var trass alt av rein arisk rase, då var det verre for diktatoren at han måtte sjå på at den svarte Jesse Owens herja med tyske friidrettsstjerner, gjorde dei til statistar og to 3 gull.

Kanskje det høver å minne om at 30 åra også var eit rikt 10 år for litteraturen. Eg nøyer meg med eitt namn mellom dei store, Nordahl Grieg og minner om kommentaren hans til sommarolympiaden i Berlin i 1936, året då alt skjedde:

Niggeren Owens sprinter,
germanerne stuper sprengt.
Det blonde stadion undres,
og Føreren mørkner strengt.
Men tenk da med trøst på alle
jødiske kvinner og menn
som sprang for livet i gaten
– dem nådde dere igjen!

Hitler likte nok betre isdronninga Sonja Henie, ho med olympiske gullmedaljar i fleng, men som dessverre hadde eit ugreitt forhold til nazismen.

1936, det var året då 74 menneske omkom då fjellet raste ut i Loen. Det var året då den første sivile flyulukka skjedde i Norge. I tjukk tåke møtte Postflyet «Havørn» Lifjellet i Ytre Sogn.

Boka er gledeleg stor, eg kan ikkje rekne opp alt.  Men nemnast må det at Omdal lever opp til ryktet som mannen med det elegante språket.

1936 var året då Norge vart 39976 barn rikare . Eg var eit av dei. Eg ville no berre nemna det.

Sverre Bungum