Hæ? Et liv som tunghørt. Av Frank Rossavik

Hæ? Et liv som tunghørt, av Frank Rossavik. Bokmelding av Sverre Bungum

Hæ? Et liv som tunghørt av Frank Rossavik

Ein skulle tru at når ein først er så uheldig å slite med ei funksjonshemming, så er det greiast at den er synleg, slik at alle ser og kan ta omsyn. Men den langvarige kampen for å gje rullestolbrukarar tilkomst og framkomst i det offentlege rommet, fortel oss dessverre at så enkelt er det ikkje. Lovverk og forskrifter til tross. Og når det er ille sjølv om vi ser, er det så visst ikkje noko betre når funksjonshemminga ikkje synest.

Frank Rossavik har skrive om livet sitt som tunghøyrd. Han mista det meste av høyrsla som 4- åring. Livet hans etter det traumatiske tapet, vart prega av «kampen for å følgje med» Slik eg les boka, handlar den om ein skikkeleg stabeis. Han tvilte aldri, kan skulle bli journalist, han skulle henge med, bite seg fast.

Rossavik har humor. Han fortel til dømes at eigne mistydingar på grunn av nedsett høyrsel, kan ende opp som meir humoristiske enn flaue. Det er ein kunst. Eg er sjølv ikkje utan erfaring.

Det er så langt frå ei sutrebok. Forfattaren nemner fleire gonger at han ikkje kjenner seg alvorleg diskriminert, korkje som høyrselshemma eller homofil. Han deler såleis noko av kritikken HLF (Hørselshemmedes landsforbund) ofte møter. Det handlar om at organisasjonen i for stor grad gjer medlemmane sine til klientar. Til dømes når det vert gjort til ei stor sak at somme eldre med redusert høyrsel, vert demente. Kunnskapen knytt til demens er framleis så usikker at det ikkje er grunnlag for bastante konklusjonar.

Som eldre med tung høyrselshemming kjenner eg meg att i mykje av det Rossavik tek opp. Ikkje minst dette med teleslynga som ikkje er der, eller ikkje er slegen på, eller er feiljusterte. Teleslynge er elles ei gammal greie, det nye heiter Auracast. (For interesserte, nettet ventar.)

Statistikken fortel oss at 700 000 har nedsett høyrsel i Norge. 300 000 er alvorleg høyrselshemma. 230 000 av desse har høyreapparat. Kor mange som faktisk brukar dette hjelpemiddelet, veit vel ingen. 3000 har fått lagt inn implantat. 3000 er døve.

Bokmeldinga er skriven av Sverre Bungum