Han Kang vert tildelt Nobels litteraturpris 2024Sørkoreanske Han Kang får prisen for “hennes intensiva poetiska prosa, som konfronterar historiens trauman och blottlägger människans sårbarhet”. Han Kang er ein prislønt sørkoreansk forfattar. Ho er fødd i 1970, og er ein av litteraturprisens yngste mottakarar. Park Jaehong Han Kang debuterte som forfattar i 1993, og blei internasjonalt kjent med romanen Vegetarianeren i 2007. Pax forlag har gitt ut fleire av hennar bøker på norsk: Levende og døde (2017), Vegetarianeren (2018), Hvit (2019), Dette er ikke farvel (2022) og Leksjoner i gresk (2023). Biblioteket har fleire av desse til utlån, du finn dei her.Les kva Svenska Akademien, som deler ut prisen, skriv om Han Kang her. Publisert av Åshild Andersson Øyre Sist endra 11.10.2024 13.36