Interessert i utvandrar- og migrasjonshistorie? Bli med på gratis webinar!Lokalhistorisk webinarVi inviterer til webinar for lokalhistorieinteresserte Tid: Tysdag 8. april 2025 kl. 10:00 - 12:45Påmeldingsfrist: Måndag 7. april 2025 kl. 12:00. Årets tema er utvandrar- og migrasjonshistorie, med hovudtyngd på den norske utvandringa til USA.Innleiingane vil fokusere på korleis migrasjon har påverka kulturen og samfunnet gjennom tidene. Webinaret vender seg til eit breitt publikum slik som historieinteresserte, studentar og fagpersonar. Innleiarane kjem frå både inn- og utland.Du kan følgje webinaret i Teams. Påmeldingsskjema finn du her: Lokalhistorisk webinar Du vil få ei lenke til webinaret på e-post dagen før webinaret.Program TidKva10.00Velkomen, ved Arnt Ola Fidjestøl, Vestland fylkeskommune10.05Forhistoria i bevegelse. Migrasjon frå eit steinalderperspektiv, ved Daniela Hoffmann, professor ved Universitetet i Bergen10.30Utvandringshistoria frå Voss, ved Eirik Helleve, avdelingsleiar ved Voss folkemuseum10.55Beinstrekk11.05«Amerikanske» stadnamn i Noreg, ved Gunnstein Akselberg, professor emeritus ved Universitetet i Bergen11.30Migrasjonsminne og møtet med Noreg, ved Babek Hosami og Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie11.55Lønsj12.20Nordmenn i USA og dei som var der før dei. Om det norske møtet med urbefolkninga, Dr. Anna Peterson ved Luther College & Norwegian-American Historical Association. Innlegget er på engelsk, men er spelt inn på førehand og teksta til norsk. 12.45Kva skjer vidare i jubileumsåret?, ved Vestland fylkeskommuneEtterpåTakk for i dag Sist endra 03.03.2025 15.28