Omtale: Mørket

Likar du islandsk krim? Denne påska kan Ragnar Jónasson bli din nye krimfavoritt.

Mørket - Klikk for stort bilete

Tittel: Mørket
Forfattar: Ragnar Jónasson
Utgitt: 2021
Omtalen er skrive av: Kari Fauskanger

Hulda Hermannsdóttir er noko så sjeldan som ein kvinneleg politietterforskar som nærmar seg pensjonsalderen – ein islandsk versjon av Vera Stanhope, som mange kjenner frå TV-ruta og bøkene til Ann Cleeves.

Hulda er ein einsam ulv, ho har hatt sine slag i livet, og held seg helst for seg sjølv. Men der den typiske politietterforskaren ofte tyr til flaska, går Hulda heller i fjellet.

«Mørket» er den første av tre bøker med Hulda i hovudrolla. Før ho heng uniformen i skapet for godt, får ho ei siste sak å bryne seg på. Ei ung jente, russisk asylsøkjar, vart funnen drukna for eit års tid sidan. Etterforskinga konkluderte med sjølvmord, men var det verkeleg det? Hulda tvilar og vil gjere eit siste forsøk på å finne ut kva som skjedde.

Den røffe islandske naturen dannar ei mektig kulisse rundt handlinga. Også i den neste boka, «Øya», spelar det ugjestmilde landskapet ei vikitg rolle.

Handlinga er lagt fleire år attende i tid. To ungdommar reiser på helgetur til eit avsidesliggjane område nord på Island. Berre ein av dei vender heim til Reykjavik. Ti år seinare reiser fire venner også nordover. Dei vil heidra minnet til den som aldri kom att. Men har dei noko å skjule?

Politietterforskar Hulda får snart ei ny sak på bordet. Parallelt med handlinga får lesaren vite meir om Hulda. Trådar frå første boka blir nøsta opp og gir eit breiare bilete av livet til etterforskaren og dermed også livet på Island på slutten av forrige århunde.

Bøkene er velskrivne og lettleste. Det er alltid spanande å lese om naboøya vår vest i havet.

«Mørket» og «Øya» er dei to første bøkene trilogien om Hulda. Den tredje, med den islandske tittelen  «Mistur», er enno ikkje omsett til norsk.

PS: Underteikna las «Øya» først, utan at det øydela lesegleda og spaninga då eg tok fatt på «Mørket».