Omtale: Nudisten

Rose + Sina = Team Rosin. Dei er suverene. Har dei plass til ein som Tjodleik på laget?

Tittel: Nudistene
Forfattar: Bjørn Ingvaldsen
Utgitt: 2020
Omtalen er skrive av: Trine Torsvik

Nudistene - Klikk for stort bilete

Likar du både humorbøker og krimbøker?? Denne boka har begge delar. Du møter Rose og Sina, også kalla Team Rosin, to jenter som masar i klassen og likar å ha kontroll. Ein dag byrjar Tjodleik i klassen deira, berre namnet hans tilseier at han ikkje kan vera noko kul. Spydige kommentarar bryr han seg ikkje om, ikkje er han sjenert og forsiktig den første veka heller. Når Team Rosin vert tvinga til å inkludere han i elevbedrifta si, er ikkje stemninga god. Eit stort tjuveri på skulen er starten på elevbedrifta deira, dei vert einige om å løyse mysteriet før politiet. Tjodleik inviterer jentene heim til seg. Det viser seg at han bur i eit drivhus og familien går naken rundt i heimen.

Passar for elevar på mellomtrinnet.