Stein i silke av Mikael Niemi

Stein i silke, roman av Mikael Niemi. Bokmelding ved Sverre Bungum

Mikael Niemi frå Pajala i Norrbotten län debuterte med eit skikkeleg  fyrverkeri av ei bok. «Populærmusikk fra Vittula» vart oversett til 30 språk og her til lands var dette  boka vi snakka om rundt tusenårsskifet. No kjem elles boka på nytt, denne gongen på forlaget Oktober. Kva boka handlar om? Lån den, les den.

Mikael Niemi bur framleis i Pajala, den vesle tettstaden i den store kommunen. (8000 kvadratkilometer)

« Stein i silke» er siste boka hans. Det er eit historisk epos som mest av alt handlar om dei fattige og utpinte sin kamp for å overleve kalde vintrar og omsynslause jordeigarar og styresmakter.

Det handlar mest om dei harde 30- åra og eit gryande opprør mot urett og utnytting. Ein kamp for å overleve, men også konfliktar om strategi og vegval mellom svorne kommunistar og meir moderate sosialdemokratar.

Boka opnar i vår tid med at det vert funne restar av eit menneske i ei myr. 500 sider seinare vert mysteriet avslørt. Den litterære teknikken er ikkje ulik kriminalromanen. Men det sentrale i boka er likevel kampen for rettferd og eit verdig liv.

Mikael Niemi får sikkert aldri meir ein suksess som kan måle seg med              «Populærmusikk frå Vittula». Men forteljaren kjenner vi att. Han er framleis glimrande. Det er framleis Pajala og Norrbotten.

Difor forundrar det ikkje at forteljinga også rommar innslag av det mystiske og okkulte.

Dessutan skimtar vi nok Pajala sin mest vidkjende prest, Lars Levi Læstadius (1800-1861), der bak i forteljinga. Han  var ein stor forkynnar og førde ikkje minst ein hard kamp mot drukkenskap og ulivnad mellom folk. Han fekk mykje å seie for store deler av Nordkalotten. Niemi sin nest største suksess, «Koke bjørn» som er å rekne som kriminalroman, har Læstadius sentralt plassert.

Slik gjekk det til at vesle Pajala, ein tettstad med rundt 1500 sjeler, vart  både eit religiøst og litterært sentrum.

Sverre Bungum     

Stein i silke