Verdas poesidag 21. mars: ver her

21. mars blir verdas poesidag markert over heile verda. Føremålet med dagen er ifølge Unesco å skape merksemd rundt lesing, skriving, prenting og læring av poesi.

Poesisamlinga på Straume har flytta - Klikk for stort biletePoesisamlinga på Straume har flytta Gro Lygre Petersen

 

 

 

 

 

 

På Straume har vi ommøblert i biblioteket, og poesisamlinga vår har fått ei ny og meir sentral plassering i samlinga i hylla ved sida av romanane. Slik har vi samla skjønnlitteraturen, og med dette vonar vi at fleire får opp augo for å plukka med seg ei poesibok når dei leitar etter den neste romanen dei skal lesa.

 Kanskje får dette nokon fleire til å tenkja som den kjende diktaren frå Ulvik, Olav H. Hauge, ein gong gjorde:

 Eg orkar ikkje lesa gjennom mange dumme romanar for å finna nokre fåe linjor med poesi og ekte kjensler; eg gjeng til versemeistarar, dei hev halde att poesien og skure burt resten.(frå Dagbok 1927 - 1994).

 

Men kva er eigentleg poesi?

I store norske leksikon kan ein lese ein definisjon av kva poesi er:: "Poesi er dikt (lyrikk) og litteratur på vers, i motsetning til tekster på prosa. Poesi kan også brukes om noe som vekker følelse og stemningsfullhet. Adjektivet poetisk betegner det samme.."

I poesihylla vår finn ein eit breit utval av poesi, også mykje av den som ikkje er på vers: gamle klassikarar, moderne klassikarar og eit utval av det mylderet av poesisamlingar som vert utgjeve i vår tid.

For verdas poesidag har vi og stilt ut eit utval av desse på pidestallane våre - laga poetiske øyer midt i lokala. Og vi har tenkt at i tillegg til å feira poesien som svarte bokstavar på kvite boksider, vil vi og feire poetiske uttrykk i fleire format - som film, billedkunst og musikk - og har fletta dei inn i utstillinga. Poesien er overalt.

Mange tenkjer om poesien at det er eit smalt felt, for dei spesielt interesserte, eller som den litteraturen vi oppsøkjer i livets høgtider og når sorga råkar oss. "Vi grip til dikt når vi er rådlause og står i noko vi ikkje har ord for, og når dikta treffer oss, er det kanskje fordi vi kjente oss att og kjente oss mindre åleine, eller fordi vi fekk spent opp ein høgare himmel over våre eigne erfaringar" skriv forfattar Olaug Nilsen i forordet til diktsamlinga ho er redaktør for, "Eg vil vere her". Ei sterk samling med undertittelen "dikt til trøyst."

Men det er svært berikande å lese dikt i den vanlege, grå kvardagen og. Etter å ha lese dagens nyhende, kan det vere beroligande og oppløftande å lese eit godt tenkt dikt. Det kan gje oss noko nyhenda ikkje kan.

Ein annan som har skrive ein fin definisjon av kva poesi kan vere/gjere er William Ruckert, økokritikkens far. Han skreiv ein gong "at poesi er som grønne planter blant oss, en type lagret energi. En energi som igjen kan sendes videre."

 Vi ynskjer alle våre lånarar ein god poesidag, finn noko lagra energi og gje den gjerne vidare.

(Takk til Sølvberget for dei fine artiklane dei skriv om poesi, og som eg har henta inspirasjon frå til denne lille artikkelen)

Livsviktig poesi