Gebyr for fyringsanlegg er no sendt ut

Alle bueiningar (bustader og fritidsbustader) med eldstad får i desse dagar faktura med gebyr for fyringsanlegg. Gebyret vert fakturert ein gong kvart år og gjeld for 2024.

Ill. Colourbox - Klikk for stort bilete

Gebyret gjeld alle som har ein eldstad tilkopla skorsteinen, uavhengig av kor mykje eldstaden er brukt.

Dersom du har spørsmål om sjølve fakturaen kan du sende ein e-post til faktura@oygarden.kommune.no

Dersom du har spørsmål om grunnlaget for faktura, ønskjer å bytte rekningsmottakar eller saknar besøk frå brannforebyggjar eller feiar kan du sende e-post til fyringsanlegg@oygarden.kommune.no

Det er mange som tek kontakt no og vi rekk ikkje å svare alle på telefon, så send helst ein e-post og opplys om kva eigedom det gjeld.