"Alle mot 1" på Øygarden Ungdomskule

På onsdag tok vi alle en pause frå vanleg timeplan, og samla alle elevar i fellesehallen for ØUS si eiga versjon av  “Alle mot 1”. Både born og vaksne koste seg med to timar med å gjette og stemme på ulike eksperiment og utfordringar utført av elevar frå ØUS. Publikum konkurrerte mot “ekspertpanelet” i å gjette korrekt svar på utfordringane.

Det var elevrådet, saman med elevrådsansvarleg Arne-Gunnar og Øyvind Solsvik, som hadde satt saman førestillinga. På førehand hadde dei filma fleire utfordringar, som kor manga basketballar klarar 10M2 å treffe i kurva på 90 sekund, eller kor mange straffemål klarer fotballgutta å score på Håkon M. Hellesøy. Det var også fleire utfordringar som blei framført “live” på scena. Då kunne vi sjå kor mange marshmallow-er Andreas N. Oliversen kunne få plass til i munnen, eller kor mange ballongar ein klarte å sprekke på 90 sekund. På mobilen kunne publikum avgje sin gjetnad, som engasjerte både elevar og lærarar.

I ekspertpanelet satt Noah Skjold og Lydia K. Andersen, som konkurrerte mot publikum sin gjetnad. Det veksla fram og tilbake gjennom heile førestillinga, og før siste utfordring var det uavgjort. Ekspertpanelet traff riktig på siste gjetnad, og dermed kunne Noah og Lydia dele førstepremien på over 20 sjokoladeplater seg i mellom.