Første episode av podkasten Rådhuset er klar
Ordførar Tom Georg Indrevik fekk æra av å vera gjest i den første episoden av Rådhuset som vart lansert fredag føremiddag.
Etter den offisielle opninga av podkasten, snakka han om dei fem første åra for Øygarden kommune.
For meg har møte med menneske vore det største som ordførar i desse åra. Møtet med innbyggjarane, dei tilsette og næringslivet har gjeve oss framtidsoptimisme, seier ordføraren i denne episoden.
I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør Johnny Breivik gjester som har noko viktig å seia oss.
Du finn Rådhuset på Spotify, Apple Podcasts og ei rekkje andre appar her.
Publisert 25.10.2024 07.00