Mange SUPRE spørsmål til SUPER-Marte
Martin Jonas Nakken
I går hadde vi ein heilt spesiell dag her på skulen. SUPER-Marte frå SUPER, kom på besøk til 1., 2. og 3. klasse, og for ein oppleving det var!
Elevane var i fyr og flamme då Marte kom inn i klasseromma, og ho tok seg god tid til å snakke med alle. Elevane fekk stille spørsmål om alt dei lurte på, og Marte svarte med smil og engasjement. Det var inspirerande å høyre på henne.
Dette blei ein dag me kjem til å hugse lenge – takk til SUPER-Marte for at ho gjorde dagen vår så spesiell!
Litt informasjon om SUPER:
SUPER!! (1.–4. trinn) er eit program for å byggje trygge og gode klassemiljø, og ta vare på barn sin naturlege tendens til å like seg sjølv. I ein «SUPERklasse» er alle like viktige, og elevane lærer om likeverd, tilhøyrsle og mangfald. Dei øver på og lærer sosial kompetanse gjennom leik, refleksjon, undring og historier. Elevane blir kjende med eigne og andre sine kjensler, sjølvregulering, og lærer om hjernen sin magi.
SUPER!! har som mål at kvar elev skal forstå seg sjølv betre, både åleine og saman med andre. Dei får ei djupare forståing av eigne kjensler og reaksjonsmønster. Elevane undrar seg, utfaldar seg kreativt, og opplever ein trygg skulekvardag der kvar enkelt elev kjenner seg verdifull og viktig.
For å skape eit godt miljø krevst det samarbeid og forståing. Vi lærer medan vi går, og det er lettare om vi går saman.