Me har hatt besøk!

Måndag 03.02 fekk me besøk frå Den norske kyrkja i Øygarden, som hadde opplegg for heile skulen.

Måndag denne veka fekk me besøk av Hogne, Espen, Karen-Oliva, Calem, Matilde og Adrian, som jobbar i kyrkja. Dei hadde eit skodespel om “korleis me fekk dei første lovane i landet”. Det er eit skuleopplegg om kristenretten, som vart laga på Moster for 1000 år sidan.  I skodespelet for skulebarna møter dei tema som at kvinner får medråderett ved ekteskap, at alle skal gravleggjast på same kyrkjegard og slitne treller får ein fridag i veka. Barna var aktivt med under både skodespelet og i timen etterpå. Me takkar for det flotte opplegget.