Open SFO på Rong skule på måndag

Det vert tilbod om SFO for alle elevane på 1. til 4. trinn på Rong skule på måndag 27. mai. Som følgje av brannen på skulen på laurdag, vert det ikkje undervisning på måndag.

Rong skule laurdag etter at brannen var sløkt. - Klikk for stort bileteRong skule laurdag etter at brannen var sløkt.

Dei som skal på SFO, møter på SFO-bygget i opningstida kl. 08.00 – 16.30. Elevane på 5. til 7. trinn møter ikkje på skulen på måndag. Rektor Ingunn Bente Lie opplyser at på måndag skal skuleleiinga ta stilling til korleis undervisninga skal organiserast frå tysdag 28. mai.  Dei føresette har fått informasjon.

Leiar for eigedomsforvaltning, Christian Alsaker, seier at brannskadane er konsentrerte om inngangspartiet og i takkonstruksjonen. Sprinkelanlegget vart utløyst, og det er ein del vasskadar. Byggdrift skal no kartleggja reparasjonsomfanget.

-    Eg er glad for at det meste av inventaret er uskadd. Det same gjeld biblioteket og kleda til barna, seier Alsaker.

Skuleleiinga vil på måndag koma tilbake med informasjon om undervisningstilbodet frå tysdag.



Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Marius Sylta