Undervisning for elevane på Rong skule

Leiinga på Rong skule har arbeidd med organiseringa av undervisninga og alternative lokale etter brannen på laurdag. 

Brannen har ført til store vasskadar på delar av hovudbygget.

Tysdag 28. mai møter alle elevane til vanleg tid på Rong skule klokka 08.40. Bussane går i vanleg skulerute denne dagen.

Småtrinnet (1. – 4. klasse) skal ha undervisning i den delen av Rong skule som ikkje er skadd etter brannen. 

Mellomtrinnet (5. – 7. klasse) møter på Rong skule for felles aktivitetsdag tysdag 28. mai. Frå onsdag 29. mai får mellomtrinnet undervisning i gamlebygget på Toftøy skule. 

SFO er open mellom klokka 07.00 - 16.30. Det er oppmøte på SFO-bygget som vanleg.

På tysdag kjem det meir informasjon om skyss til og frå Toftøy gamle skule.

Har takla situasjonen godt

Rektor Ingunn Bente Lie seier at trass i ein krevjande situasjon, har elevane og dei tilsette takla situasjonen på ein flott måte. 

- Det har vore eit svært godt samarbeid med leiinga på Toftøy skule for å sikra alternative lokale for undervisning. Vi har fått god støtte og hjelp frå skulesjef Jon Erik Egeland og frå byggdrift og IKT når det gjeld flytting og praktisk oppfølging, seier rektoren. 

Ho understrekar at dette er ein ekstraordinær situasjon som krev mykje av oss alle.

- Difor må vi saman finna gode løysingar og sikra at elevane får ei god avslutning på skuleåret, seier Ingunn Bente Lie.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune