- Eg slo rekorden frå i fjor

Melvin Wikum Olsen (7. klasse) på Skogsvåg skule var godt nøgd med skuleløpet til inntekt for TV-aksjonen fredag føremiddag. Med 14 rundar slo han rekorden sin frå 2023. I tillegg til skuleløp var bruktmarknad ein del av «Prosjekt TV-aksjon» dette året.

Malvin Wikholm Olsen sprang 14 runder på Skogsvåg stadion (5,4 kilometer). - Klikk for stort bileteMelvin Wikholm Olsen sprang 14 rundar på Skogsvåg stadion (5,4 kilometer).

Dei 230 elevane, ordførar Tom Georg Indrevik, rektor og nokre lærarar sleit seg rundt den flotte idrettsbanen i Skogsvåg i nydeleg haustver. 

Med 14 rundar sprang Melvin 5,6 kilometer og var kanskje den som hadde flest rundar i år. Han måtte setja seg ned og støtta seg til gjerdet etter at han passerte målstreken i den halvtimen det tok å gjennomføra løpet. Den enkelte elev hadde avtalt med dei heime kor mykje dei skulle gje til TV-aksjonen. Dei kunne velja mellom eit fast beløp eller beløp for kvar fullført runde.

- Eg er glad eg slo rekorden min frå i fjor då eg sprang 12 og ein halv runde. I år klarte eg 14 rundar. Det er fint at vi kan samla inn pengar på denne måten, seier Melvin.

Dei tre jentene i 7. klasse, Sylvelin Sunnhordvik, Marwa Saffa og Emily Giskegjerde, er nøgde med resultatet av skuleløpet. Emily hadde som mål å klara sju rundar. Det klarte ho. Marwa sprang 11 rundar, noko også ho meiner er eit bra resultat. 

- Men eg måtte ta nokre pausar, seier ho.

Det viktigaste er likevel at pengane går til ei god sak.

- Det er veldig bra at pengane at pengane går til Barnekreftforeningen sitt arbeid med å byggja familiehus. Det betyr at familien kan vera saman når dei vert ramma av sjukdom, seier Emily.

Frå venstre; Marwa Saffa, Sylvelin Sunnhordvik og Emily Giskegjerde. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Marwa Saffa, Sylvelin Sunnhordvik og Emily Giskegjerde.

Før elevane tok fatt på rundane rundt idrettsbanen, var det oppvarming ved rektor Ingrid Bildøy Hestad. Også ordføraren måtte varma opp. Han opplevde stort engasjement blant elevane.

- Når de no skal springa rundt banen her, er det heilt ok at de slår ordføraren. Det spelar inga rolle, sa han. Han seier at det er eit flott tiltak å engasjera seg på denne måten i solidaritet med dei som treng hjelp.

I går (torsdag) arrangerte Skogsvåg skule bruktmarknad i Sundhallen som ein del av «Prosjekt TV-aksjon». Det møtte opp fleire hundre foreldre, elevar og folk frå nærområdet. 

- Vi selde over tusen lodd, og det var ein heilt fantastisk ettermiddag, seier rektor Ingrid Bildøy Hestad.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Skogsvåg skule og Vigleik Brekke