Velkommen til eit nytt skuleår! Eg håpar de har hatt ein flott sommarferie og er klare til å ta fatt på eit nytt skuleår. Første skuledag er torsdag 15. august (sjå informasjon om start/slutt på heimesida). Vi gler oss til å sjå alle saman igjen og vi er sjølvsagt ekstra spent på å møte alle dei nye 1.klassingane våre.
Som ny rektor ved Skogsvåg skule er eg særs positiv. Skulen er flott å sjå på og uteområdet er jo heilt fantastisk! Eg har høyrt utruleg mykje positivt om skulen og det gode arbeidet som vert gjort kvar dag. Eg ser fram til å bygge vidare på dette, samtidig som vi saman skal jobbe for å utvikle oss og lære for å bli endå betre. Eg er spesielt spent på å bli kjent med alle elevar og føresette. Eg ser fram til å lære både om og med dykk, og ta del i dei gleder og den læringa som skulekvardagen bringer. Det er viktig for meg at vi saman skapar eit positivt og støttande læringsmiljø der alle føler seg trygge, inkluderte og inspirerte til å gjere sitt beste. Alle er god på noko, og det er det som gjer kvar og ein unik.
Samarbeidet mellom skule og heim er avgjerande for å skape eit godt læringsmiljø, og eg set stor pris på dykkar engasjement og støtte. Skogsvåg skule har dedikerte og dyktige vaksne som allereie har planlagt spanande prosjekt og aktivitetar for dette skuleåret, og vi ser fram til å dele desse opplevingane med dykk.
På vegne av alle tilsette ønskjer eg alle hjarteleg velkomen til eit nytt skuleår. Vi ser fram til eit år fylt med læring, vekst og gode minner.
Med vennleg helsing
Rektor - Ingrid Bildøy Hestad
_________________________________________________________________________________________
Til slutt: eg må minne alle om informasjon sendt ut før ferien om Vigilo. Alle må laste ned Vigilo app og pålogging med ID-porten vil vere oppe å gå frå tidleg neste veke. Transponder vert nytta som back-up gjennom hausten, men det ER Vigilo vi kjem til å bruke som kommunikasjon frå dette skuleåret.
Info sendt før ferien:
…. For dykk som foreldre vil den største merkbare endringa vere overgongen frå Transponder til Vigilo for kommunikasjon inn i det nye skuleåret. Det kjem oppdateringar på kommunen si heimeside og informasjon frå skulen om dette. https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/skule-og-sfo/skule/vigilo-for-kommunikasjon-mellom-heim-barnehage-sfo-og-skule/
Vigilo hentar informasjon frå Folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret. Det kan vere nyttig å sjekke at informasjonen om dykk er korrekt. https://eid.difi.no/nb/kontakt-og-reservasjonsregisteret
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/