I Vigilo har du oversikt over all informasjon om dine barn. Meldingar, nyheitar, fråvær, vurderingar, samtykker, søknadar og anmerkningar samlast på same plass.
Her kan du logga på foreldrepotralen i Vigilo. Du loggar på med ID-porten.
Fyrste gong du loggar inn i appen, nyttast BankID. Du kan så laga deg ein pinkode og tilete ansiktsgjenkjenning og/eller fingeravtrykk for bruk ved seinere innlogging.
I appen Vigilo kan du:
- lesa og sende meldingar
- lesa nyheiter
- melde fråvær
- melde deg på aktivitetar og møtar
I nettlesar har du fleire moglegheiter som:
- fylla ut samtykkeskjemaer
- søkja om til dømes søknad om skuleskyss, elevpermisjon m.m.
- søkja om redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO
- søkja og endra plass i barnehage og SFO
- sjå timeplan
- sjå vurderingar (ungdomsskule)
- sjå fråværsoversikt
- sjå anmerkningar
- sjå fakturagrunnlag for SFO-/barnehageplass
Du kan bruka Vigilo foreldreprotalen på alt utstyr som er på nett, PC/Chromebook, nettbrett og telefon.
Last ned app her:
Vigilo har gratis apper til iOS og Android. Last ned i App Store eller Google Play.
Søknad om barnehageplass
Foreldre som skal søkje barnehageplass til barn som ikkje har plass frå før, må bruke denne lenkja.
Når plass er tildelt, kan de gjere endringar via Vigilo Foreldreportal.
Sørg for å oppdatera din kontaktinformasjon
I systemet ligg personopplysningar og informasjon om alle barn og deira foreldre.
Personopplysningane vert henta frå Folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret, og foreldra må sørgje for at informasjonen er riktig.
Foreldreansvar meldast i Folkeregisteret.
Kontaktinformasjon meldast i Kontakt- og reservasjonsregisteret.
Meir informasjon