- Dei må få koma seg ut av krigen

FN-dagen vart markert på fleire skular i dag. På Skogsvåg skule var det markering ved skulestart. Mathilde Skage og Sofie Lund er opptekne av at alle barn skal ha det godt og at dei skal sleppa å oppleva krig.

Mathilde Skage og Sofie Lund markerte FN-dagen saman med elevane og lærarane på Skogsvåg skule. - Klikk for stort bileteMathilde Skage og Sofie Lund markerte FN-dagen saman med elevane og lærarane på Skogsvåg skule.

I nydeleg haustvér var alle elevane samla utanfor skulen der det var flaggheising, allsong og tale. Markeringa vart avslutta med gåtur i skuleområdet med 10 postar der elevane klassevis skulle svara på spørsmål om FN.

- Det er fint at har ein slik dag. Det er trist at barn skal oppleva krig og fattigdom. Eg ønskjer at alle barn skal få ha vener og eit godt liv, seier Mathilde Skage (6. klasse).

Sofie Lund går i 1. klasse. Ho er oppteken av at barna skal ha nok mat og sleppa å oppleva krig.

- Eg håpar at barna får koma seg ut av krigen. Eg vil heller at vi sender mat til Afrika enn at vi kastar maten, seier Sofie Lund (1. kl.).

Alle elevane på Skogsvåg skule markerte FN-dagen. - Klikk for stort bileteAlle elevane på Skogsvåg skule markerte FN-dagen.

Trygt for alle

Det var avdelingsleiar Inge Vik som heldt tale for dagen. Før han talte, bad han elevane om å vera heilt stille og tenkja gjennom bodskapen på FN-dagen.

- Det er utruleg fint å sjå 240 elevar stå heilt stille. I dag er bursdagen til FN. Leiarar frå mange land ville at verda skulle bli ein betre stad å leva for menneska og at det skulle vera trygt for alle. I dag er det mykje uro, og det er krig i Gaza. Krig løyser ikkje noko problem, sa Vik.

Han understreka at det er ein menneskerett å få gå på skule. Vi ønskjer at alle skal få utdanning og ikkje vera svoltne.

- Takk for at de gjer verda til ein litt betre stad og gratulerer med dagen, sa talaren til elevane før elevane stemte i Vi sangen:

Vi er barn fra forskjellige land som har ingenting, men gjør så godt de kan. Og de drømmer om en verden der ingen våpen slipper til, at de har nok mat og leker hvor de vil. Vi har ingen tid å miste. Det må gjøres noe nå.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og bilete: Vigleik Brekke