Gutar blant bokhyller

Prosjektet rettar seg mot gutar i 3. klasse som strevar med lesing

Fokus på gutar med låg lesemotivasjon

Etter dialog med leiar for oppvekst og rektorane i kommunen, blei det bestemt å søkja om midlar med særleg fokus på gutar med låg lesemotivasjon. Dette initiativet er eit samarbeid mellom koordineringstenesta for skulebibliotek og Oppvekst.

Tidleg innsats for betre læring

Prosjektet rettar seg mot gutar i 3. klasse som strevar med lesing. Målet er å gjennomføra eit løft for elevane med dårlegast lesekondis. “Gutar blant bokhyller”, som prosjektet heiter, er eit lesemotivasjonsprosjekt. Satsinga skal gå føre seg på skulebiblioteket, ut av sine vante omgivnadar. 

Tidlegare midlar frå Utdanningsdirektoratet

Koordineringstenesta for skulebibliotek består av Trine Torsvik og Toril Aune Børmo, som sidan 2021 har arbeidd aktivt med å oppgradere skulebiblioteka i kommunen. Dette er andre gong tenesta har fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet. I 2021 fekk tenesta 1,2 millionar kroner, som den gong blei nytta til å auka bemanninga med ein prosjektleiar (Toril Aune Børmo) og utarbeidde ein skulebibliotek-standard som no gjeld for alle skulebiblioteka i kommunen.

Ved å gi alle elevar ei positiv tilknyting til skulebiblioteket, ønskjer ein å skapa eit inkluderande og sosialt rom der alle kan trivast og utforska gleda ved lesing saman. Prosjektet er no i oppstartsfasen, og 12 skular har meldt seg på prosjektet som vil starte opp i august 2025, og vare heile skuleåret.