Små barn ser i bøker
Trine Torsvik les høgt for små barn, og viser bilete frå boka ho les i frå.
Les med meg!
I ei nyleg lesevane-undersøkjing gjennomført av Lesesenteret i Stavanger viser det seg at høgtlesing mister status i heimane. Ein tredjedel av foreldre med barn i 3-6 års alderen les ikkje for barna sine, sjølv om dei oppgjev at barna ønskjer å bli lesen for. Ei av årsakene til at dei ikkje les er tidsklemma. Derfor har biblioteket i Øygarden starta med pilot-prosjektet «Les med meg!»
«Les med meg!» er eit samarbeidsprosjekt mellom biblioteket og Toftøy barnehage. Biblioteket står for ferdigpakka posar med bøker i, som familiar kan låne med seg heim frå barnehagen. Barnehagen sørgjer for å formidle informasjon om tilbodet og ha posane tilgjengeleg plassert, slik at det er enkelt for foreldre å ta med seg ein pose heim, og levere tilbake på same stad. Prosjektet er inspirert av Nordland fylkeskommune sitt prosjekt, Tøyveskebiblioteket, Les høyt!, og Trøndelag fylkesbibliotek sitt konsept, Bærenettbiblioteket Les for meg! Det er ein del av den nasjonale satsinga Les med meg!, og i tråd med den nye leselyststrategien til regjeringa.
I forkant av oppstart på prosjektet var ein pedagog frå barnehagen og prosjektansvarleg på biblioteket i regi av Vestland fylkesbibliotek og fekk inspirasjon på konferansen, «Saman om lesing», i Trondheim . I tillegg til at biblioteket leverer posar med bøker, får også kvar avdeling ein kasse med bøker som dei kan ha i barnehagen og ei lesestund når bøkene og posane vert levert. Prosjektansvarleg på biblioteket deltek også på personalmøte der prosjektet vert presentert for dei tilsette, og ein har ein dialog og oppfølging rundt vidare samarbeid i prosjektet .
Pilotprosjektet starta med ei avdeling i barnehagen og har vore svært vellukka, posane har vore hyppig utlånt og tilbakemeldinga frå foreldra er positive, det har vore stor stas for barna å få med posane heim. I tillegg er bøkene på avdelinga meir tilgjengeleg og barna set seg oftare ned med ei bok eller lagar leikar som involverer bøker.
I februar utvidar vi til tre avdelingar i same barnehage med ein heidundrande bokfest! Vidareføring av prosjektet etter våren 2025 er framleis usikker.