Skulebiblioteka i Øygarden

Skulebibliotek-tenesta i Øygarden kommune

Skulebibliotek-tenesta i Øygarden kommune

Øygarden kommune har sidan 2021 rusta opp skulebiblioteka sine, då kultur og oppvekst signerte ein samarbeidsavtale initiert av Øygarden innbyggjartorg og bibliotek, og fekk støtte frå UDIR til å finne ei felles retning for nye Øygarden kommune. Som eit ledd i denne prosessen vart det også nedfelt i plan for Framtidas skule at «Alle skulebiblioteka skal oppgraderast og styrkast» (Plan for framtidasskule s. 29) Det blei oppretta ei skulebibliotek-teneste som vert drifta av Øygarden innbyggjartorg og bibliotek. Det første arbeidet som blei utarbeida var ein skulebibliotek-standard som skal føre til ei kvalitetsutvikling på alle skulane i kommunen, der måla er:

  • å skape eit likeverdig tilbod til alle elevane i kommunen, der vi har fokus på:
  • å skape leselyst for den enkelte elev
  • å skape eit felles leseengasjement
  • bidra til auka lesekompetanse

For at alle elevane i kommunen skal få eit likeverdig tilbod er standarden eit verktøy:

  • for å styrke den bibliotekfaglege ressursen i skulane
  • for å integrere skulebiblioteka i den pedagogiske verksemda 
  • for å klargjere ansvarsområde på den enkelte skule og skulebibliotek-tenesta

Skulebiblioteket har ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle språk og lesekompetansen til elevane, ved å tilby elevane ny og aktuell litteratur. Lesing er viktig for å tileigne seg kunnskap og for å skape gode leseopplevingar. Ved  å lese sjølvvalt litteratur kan ein:

  • utvikle betre konsentrasjonsevne 
  • bli flinkare til djupnelesing 
  • få betre uthald til å stå i vanskelege tekstar
  • oppleve at lesing reduserer stress

I tillegg skal skulebiblioteket gje ei trygg ramme og kan vera eit rom utan vurdering som innbyr til å setje seg ned med ei bok.