Nussa inspirasjon leik

Døme på Nussa leik

LEIKAR TIL NUSSAINSPIRERTE LEIKEGRUPPE

Velkomstsong

«Vi sier god dag- og hei på deg

Vi sier god dag- og hei på deg

Og gå ned og gå ned

Og gå ned-vi sier god dag og hei på deg»

 

REGLAR

Leiar seier først, ein og ein setning, og deltakarane gjentar:

”Vi skal være sammen.

Vi skal hjelpe hverandre.

Og vi skal ha det gøy!”

 
  

Namnestafett

Stå i ein ring. Leiar/karavaneførar startar med å seie:

Eg heiter.. kva heiter du?

Dette blir kopiert og avsluttast når alle har sagt sitt namn.

 

GÅ I SKOGEN

 

Bruk ”Gå i skogen”. Snakk med vanlig og låg stemme (kviskrestemme). Kan gjennomførast medan ein ligg i ein ring på magen.

 

”Gå i skogen. Gå i skogen.

Hogge ved. Hogge ved.

Fryser på føttene. Fryser på føttene.

Springe, springe hjem.

Springe, springe hjem.”

 

 

 

 

 

 

BANKE BANKE BØFF

 

Barna sit i ein ring. Eitt barn går rundt og bankar dei andre på ryggen medan hen seier:

 

”Banke banke bøff!”.

 

(Det kan bankes så mange gonger som ein vil før ein seier bøff).

 

Barnet som blir bøffa må reise seg og springe rundt ringen i motsett retning av den som bøffar. Når dei møtast på halvvegen, klemmer dei eller gir eit high five og spring så vidare. No er det den som blei bøffa sin tur til å gå rundt og seie ”Banke banke bøff!”.

 

Mingle mingle mingle

Ein startar med å seie kva som blir limt fast. Det kan for eksempel vere kne mot kne, olboge mot olboge, tå mot tå, hovud mot hovud, osb. Så går alle rundt og seier:

 

”Mingle, mingle, mingle.”. Heilt til ein vaksen seier ”Limt fast!”. Då må alle finne nokon å lime seg fast til.

 

Den sinte tyr/okse

Den sinte okse

Samlar barna i ein ring med eit tau som dei held i, i midten står ein som er okse. Barna held med begge henda sine i ringen. Oksen vil ta barna ved å ta på henda deira, For å ikkje bli tatt må ein ta henda vekk. Om ein blir tatt må ein vere okse. Om tauet fell ned har oksen tatt alle.

 

Halefangaren

Ein er halefangar, og skal fange halen til dei andre. Dei andre festar ein hale i buksa. Når halefangaren har tatt halen til ein av deltakarane, festar halefangaren halen i si bukse. Den som er tatt tar hendene opp og signalisere at dei er tatt. Ein kan bli frigjort ved at ein av dei andre klarar å ta ein hale frå halefangaren og gi til den som er tatt.

 

HEIM

Det ligg rockeringar på golvet (1 pr. barn). Kvar rockering er eit hus/ein heim. Alle står inni huset sitt. Når ein spelar musikk skal alle ut og gå. Eit av husa blir fjerna. Når musikken stanser spring alle til huset sitt, men no er det nokon som må dele hus. Neste gong musikken spelar blir enda eit hus tatt vekk. Og sånn held det fram til det berre er eitt eller to hus igjen og alle må dele hus.

 

Speeddating.

Ein legg ut rockeringar, halvparten av talet på deltakarar. Alle barna stiller seg på golvet, alle er ute og dansar, når musikken sluttar skal to og to finne saman i ein rockering. Karavaneføraren/leiar stiller barna følgjande spørsmål og må etter tur fortelje kvarandre svar på spørsmål A, B og C. Mellom rundane dansar barna rundt og finn helst ny partnar.

A) Kva gjer deg glad?

B) Kva blir du lei deg for

C) Kva gjer deg glad igjen om du har vore lei deg?

 

VARM OG KALD POTET

Bruk ein ertepose som potet. Når erteposen er varm må den sendast raskt vidare. Når den er kald er den god å ta på, så da kan den sendast roleg vidare. Då kan alle ta seg tid til å ta og føle på poteta.

 

FJÆR PÅ PUTE

 

To stykk sit mot kvarandre med ei pute mellom seg. På puta er det ei fjær. Fjæra skal blåsast mellom personane, kvar sin  gong. Tel til 3 før ein bles.

 

TÅRN AV HENDER

 

Alle sit i ein sirkel. Ein og ein tar handa inn for å bygge tårn. Ein kan anten bruke flat hand eller knyttneve. Når alle har tatt inn ei hand i sirkelen begynner ein på neste runde og alle tar den andre handa inn. Når tårnet er klart tel ein til 3 og det raser nedover.

 

MELDE VÊR

 

To og to sit saman. Bruk handflata eller ryggen til å melde vêr på. Ein vaksen seier kva vêret er, og dei andre vaksne meldar vêret i handa/ryggen.

 

Ein kan også berre bruke musikk, og berre gi handmassasje.

 

Her kan ein også bruke målarpensel, babypudder, Spenol, babyolje, eteriske oljer og liknande.

 

Ambulanseleken

Legg eit teppe/ei matte i enden av rommet som symbolisere sjukehuset. Ein har rollen som fangar, dei som blir tatt må ha henda på hovudet slik at dei andre ser at den er tatt/skada. Ein kan bli frigjort ved at to stykk kjem og hjelper ein til sjukehuset- blir ein ambulanse. Det er ikkje lov å fange ambulansen. Den som kjem til sjukehuset tel til 10 og er då fri til å delta vidare i leiken. Leiken blir avslutta på tid eller når alle er på sjukehuset

 

Rockeringleik

Materiale: Rockering

Rettleiing:

Karavaneføraren/leiaren startar med å tre rockeringen på skrå over skulder si. Alle stiller seg i ring, og held hender. Ein skal samarbeida om å la rockeringen gå fra person til person samstundes som ein held hender. Leiken blir avslutta når alle har vore gjennom rockeringen.

 

MOTORBÅT

Ein brukar ein fallskjerm. Alle barna held i fallskjermen medan dei står i ein ring. Så går motorbåten rundt. Ein seier:

”Motorbåt går sakte. Motorbåt går sakte. Motorbåt går fortere. Motorbåt går fortere. Fortere. Fortere. Motorbåt går sakte. Saktere. Saktere. Saktere.”

 

Robotleiken

Gruppa står i ring og held hender. Ein av deltakarane går inn i ringen, og får rollen som robot. Karavaneføraren/leiaren gir instruksar om korleis ein skal gå. Gruppa får i oppgåve å hjelpe roboten.

 

Tillits blindebukk

Materiale: Tørkle til den «blinde» og ekstra til «steinar/hindringar».

Rettleiing:

Karavaneføraren/leiaren deler barna i par, så dei arbeidar to og to saman. Det eine barnet får bind for auga (tørkle). Det andre barnet skal nå guide «blindebukken» bort til den andre enden av lokalet. Undervegs skal barna styre utanom «steinar/hindringar»(tørkle), der også er lagt ut på golvet. Først tar barna ein prøverunde utan bind for auga, slik at dei blir fortrulege med instruksjonane. Leiken startar med, at eitt par går, medan dei andre ser på. Leiken sluttar når begge partar har hatt ein tur, kor dei høvesvis er «førar» og «blindebukk»

 

Snurre rundt på fallskjermen

Materiale: Fallskjerm

Rettleiing: Eit av barna sit i midten av fallskjermen. Dei andre fordeler seg rundt fallskjermen og held i kvar si/sitt «snor/handtak». Karavaneførarar/leiar guider barna til å gå rundt sirkelen samstundes som ein seier ei regle. F.eks:

 

«Gå i skogen, gå i skogen

Hogge ved, hogge ved

Fryse på føttene, fryse på føttene,

Løpe, løpe hjem igjen, og løøøøpe løpe hjem igjen!»

 

Når springe i rimet, drar ein snora til seg, og barnet som sitter i midten snurrer rundt.

 

GOD DAG MIN FAR

 

«God dag min far. Hvilken hatt du har, hvilken mage, hvilket lår, hvilket skritt du tar.»

 

Stå i to ringar (kan evt. gjerast ein og ein). To og to står ovanfor kvarandre. Ein seier regla. På «god dag» tar ein kvarandre i handa. Etterpå lagar ein hatt over hovudet med å helde hendene som en trekant over hovudet. Så tar ein på magen og låra. Til slutt tar alle eit skritt til høgre. Då får ein ny partnar.

 

BASKETKORG

 

Den vaksne lagar en basketkorg med armane. Korga kan både stå i ro, eller gå fram og tilbake (bevegar seg litt). Tel til 3 og la barnet kaste ein ball opp i «korga». (Kan også vere krøllete avispapir.)

 

ERTEPOSE 1-2-3

 

Alle sit tett saman i ein ring. Den vaksne startar med å ha erteposen på hovudet sitt. Så tel ein 1-2-3 medan den er på hovudet. (Dersom barnet er ikkje er roleg kan det vere lurt å telje sakte til barnet er rolegare.) Etter 3 slepp ein erteposen ned i hendene/fanget til sidemannen. Barnet tar den på hovudet og ein tel til 3 igjen.

 

Ertepose

Vi står i ring, den som er karavaneførar/leiar forklarar følgjande:  

Alle held hende fram, når vi har fått erteposen tek vi ned hendene, slik at vi ser til at alle får erteposen. Vi skal hugse to ting: ta hendene ned når vi har fått erteposen og hugse kven vi kastar til. 

Etter første runde, start vi på ordentleg. Karavaneføraren/leiar startar med å kaste til den han kasta til først. Etter ei stund kastar han ein til erterpose, og ein til..

Materiell: Erteposar

 

Avslutningssang

Forslag:

«Jo mere vi er sammen,

ja, sammen, ja, sammen.

Jo mere vi er sammen,

 jo gladere blir vi.

 For mine venner er dine venner,

og dine venner er mine venner.

Jo mere vi er sammen,

 jo gladere blir vi.»